onsdag 24. mars 2010

Uttale frå SV: Eit heilskapleg og solid helsetilbod i Sogn og Fjordane


SOSIALISTISK VENSTREPARTI SOGN OG FJORDANE

I regjeringserklæringa frå i haust vart Ap, Sp og SV samde om desse formuleringane: ”Regjeringen vil videreføre arbeidet med en betre arbeidsdeling mellom sykehus. Dette kan bety at enkelte sykehus skal gjøre andre oppgaver enn i dag, blant annet sett i sammenheng med samhandlingsreformen. I dette arbeidet legges det til grunn at dagens desentraliserte sykehustilbud skal opprettholdets. Dette vil blant annet sikre nærhet til akuttfunksjoner og fødetilbud, selv om slike tilbud ikke gis ved alle sykehus. Ingen lokalsykehus skal legges ned.” Sogn og Fjordane SV står fast på løfta frå regjeringserklæringa.

Sogn og Fjordane SV meiner derfor at styret i Helse Førde ikkje bør vedta nokon av dei tre modellane som er framlagde i denne høyringsrunden, men i staden velje ein fjerde veg. Ingen av dei tre modellane stettar krava til eit godt nok helsetenestetilbod for alle innbyggjarane. Strukturen vert ikkje solid og slitesterk nok for framtida og peikar heller ikkje i retning av føringane i samhandlingsreforma. Vi meiner heller ikkje at utgreiingane frå Helse Førde gjev godt nok grunnlag for å sjå på berre desse tre modellane.

Å avvikle sentralsjukehus i fylket vil sjølvsagt vere eit uaktuelt alternativ. Borna våre skal ikkje måtte reise til Bergen for å treffe ein øyre-nase-hals-spesialist eller at våre eldre må til Ålesund til augelækjar. Sentralsjukehuset er viktig både for lokalsjukehusa, sjukepleiehøgskulen og folket i fylket.

Sogn og Fjordane SV går inn for ein modell med eit sentralsjukehus og to lokalsjukehus. Innanfor denne strukturen lyt vi møte utfordringane med å stette dei økonomiske krava i helseføretaket. Lokalsjukehusa må som eit minimum ha indremedisinsk døgnavdeling med sengepost og røntgen- og laboratorietenester. I tillegg til Helse Førde sin sengepost skal kommunane bli invitert med i å utvikle det døgnbaserte tilbodet ved desse lokalsjukehusa. Vidare bør lokalsjukehusa ha tenestene som ligg i dei lokalmedisinske sentra i Helse Førde sin modell 1. Det er òg mogeleg å desentraliserte høgt spesialiserte tenester dersom ein har spesialkompetanse som gjer dette ynskjeleg.

Det vil uansett framover vere behov for helsetenester i sjiktet mellom kommunehelsetenesta og sentralsjukehustenester. Spesielt vil utfordringa i åra som kjem vere knytt til eit aukande tal eldre med samansette lidingar og livstilssjukdommar. Desse gruppene vil trenge sjukehustenester og kan med fordel få eit tilbod innanfor det nye lokalsjukehuset. Dersom dei ikkje får tilbod på lokalsjukehus i Lærdal og på Eid, vil dei måtte bruke lokalsjukehusfunksjonane ved sentralsjukehuset, noko som aukar transportkostnader, tal liggedøgn og truleg vil utløyse kapasitetsutviding og nye investeringsbehov ved sentralsjukehuset.Dette er ikkje rasjonelt eller i tråd med intensjonane i samhandlingsreforma. At Helse Førde har sengepost ved lokalsjukehusa vil vere eit viktig insitament for kommunane til å delta i samarbeid om interkommunale sengepostar og kunne bygge opp den halvannanlinjetenesta samhandlingsreforma føreset.

Samhandlingsreforma er per i dag ikkje endeleg handsama i Stortinget. Innhaldet i reforma vil i stor grad bli forma når eit endeleg vedtak skal implementerast. Omorganisering av lokalsjukehusfunksjonar bør ein unngå å gjere einsidig frå Helse Førde si side. Det må gjerast i nær dialog med kommunane når kommunane sine økonomiske rammer for samhandling er fastlagt.

Sogn og Fjordane SV

• KLIKK HER ELLLER PÅ OVERSKRIFTA FOR Å SJÅ UTTALEN PÅ SOGN OG FJORDANE SV SINE SIDER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar