onsdag 3. mars 2010

Tilsetterepresentant: – Vi kan ikkje ha det slik


FJORDABLADET: – Leiinga i helseføretaket må ta den kritikken som no kjem frå tilsette inn over seg, dei kan ikkje berre avfeie den. Dette seier Randi Fagereng, styremedlem i Helse Førde og føretakstillitsvald for sjukepleiarane.

– I den setting eg jobbar i til dagen, der også kontakt med administrerande direktør inngår, så kan eg berre seie at eg held meg til dei personane eg møter. Det handlar med andre ord ikkje om tillit eller ikkje tillit. Når det gjeld rolla mi som styremedlem, så har eg kanskje eit meir nyansert syn på ein del ting. Ikkje minst om styret si evne og vilje til å handtere saker som dei vi no ser kome fram. Styret har formelt ikkje hatt saker om administrerande direktør sin leiarstil og korleis han oppfører seg overfor eigne tilsette som sak i styret. Rett nok har det vore uformell prat «rundt bordet» om slike saker, men då har dei som regel blitt feia under teppet, seier Randi Fagereng.

Koplingar
– Det er også slik at når kritiske røyster ytrar seg, og dette kjem styret for øyre, så koplar ein del av styremedlemmene dette opp mot strategiprosessar, omorganisering og ein del andre tunge saker som styret i helseføretaket jobbar med. I dagens situasjon har eg inntrykk av at enkelte i styret meiner at sakene kjem opp i framkant av og vert kopla opp mot helseministeren sitt besøk.
– Kva tykkjer du om det?
– Etter mitt syn er det heilt feil å avvise folk sine opplevingar av arbeidssituasjon og arbeidsmiljø. Det er saker vi er nøydde til å ta på alvor, seier Randi Fagereng.

– Kjenner du til dei sakene som no kjem opp?
– Eg kjenner til dei fleste. Eg har fått det same spørsmålet frå administrasjonen i Helse Førde. Eg reknar med at ditt neste spørsmål vil vere; Kvifor har du då ikkje gjort noko med desse sakene? Til det kan eg gje same svaret til Fjordabladet som eg har gitt til administrasjonen. Eg kan ikkje gå vidare med eller ta opp saker der folk ikkje er villige til, eller ikkje torer å stå fram, seier Fagereng.
– Er det ikkje bekymringsfullt at tilsette vegrar seg for å stå fram med ting som dei tykkjer er belastande?
– Det er bekymringsfullt, men lite eg kan gjere noko med, seier styremedlem Randi Fagereng som er tydeleg på at styret slår ring rundt administrerande direktør når kritikk kjem fram.

Blir ikkje høyrt
Som styremedlem opplever Randi Fagereng at presentasjonar av dei ulike avdelingane i helseføretaket til tider kan bli svært ukritiske, noko ho ser på som eit problem.
– Det betyr at styret ikkje får kjennskap til det som måtte vere av problem innanfor dei ulike avdelingane.
– Kvifor seier ikkje du som styremedlem frå om dette i samband med presentasjonane?
– Det er fleire av dei tilsette sine representantar som har peikt på ein del problem. Problemet med det er at ein då vert stigmatisert av deler styret når dei veit at vi har god kjennskap til sakene, seier Randi Fagereng og trekkjer fram konflikten om turnusane på anestesi og operasjon ved Nordfjord sjukehus som eit døme.
– Den gongen fekk ikkje vi som kjende godt til saka uttale oss. Det er også slik at når ei avdeling i føretaket skal presenterast, så vert den som skal presentere saka valt med stor omhug. Aner administrerande direktør at det kan kome fram kritiske synspunkt, så held han anten presentasjonen sjølv, droppar den eller finn ein han kan stole på til å gjennomføre sjølve presentasjonen.

Drøfting
– Det du seier er ganske alvorleg. Korleis kjem du til å jobbe med desse og andre forhold som kjem opp i styret i framhaldet?
– Ruth Tone Solheim (tilsetterepresentant i Helse Førde-styret for NSF) og eg har starta ein diskusjon om korleis vi skal jobbe i forhold til ein del saker. Desse drøftingane er vi ikkje ferdige med. Det som er heilt sikkert er at vi ikkje kan ha det slik som det er no, seier Fagereng.
– Kjem de til å invitere dei andre tilsetterepresentantane til å vere med i dei drøftingane du og Solheim er i gang med, eventuelt invitere dei til å vere med på eit felles opplegg i styret?
– Først må vi bli ferdige med dei interne drøftingane, så får vi sjå kva som skjer vidare, seier Randi Fagereng som seier at ho er kjent med at det kanskje kjem større og meir alvorlege saker om Bolstad sin leiarstil i tida som kjem.
– Spørsmålet er om dei det gjeld har «guts» til å stå fram, seier ho.

• Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar