mandag 1. mars 2010

Sluttar etter eit halvt liv i helseføretaket - orkar ikkje meir av direktøren


NRK SOGN OG FJORDANE Sjukepleiar orkar ikkje meir av destruktiv leiarkultur i Helse Førde - sluttar etter eit halvt liv i helseføretaket.

Etter at spissformuleringane hans om Helse Førde kom på trykk i ei avis, vart han kalla inn til administrerande direktør Jon Bolstad.

Sørland vart sjukmeld etter møtet, og seier i dag at han ikkje orkar meir av det han kallar ein destruktiv leiarkultur.

Var engasjert
– Etter den samtalen måtte eg gjere nokon grep for å på ein måte eksistere i det heile, seier Sørland.
Sørland var engasjert i omstillingane som skjedde i helseføretaket, og hadde ein uformell samtale med ein journalist. Han vart lova at han skulle få lese gjennom artikkelen før det eventuelt gjekk i trykken, men det skjedde ikkje, og spissformuleringane hans stod på trykk.

Sørland måtte først i møte med dåverande klinikkdirektør Anne Ma Øvsthus, og etter den praten såg begge partar saka som avslutta. Så ringde Bolstad og kalla operasjonssjukepleiaren inn på kontoret sitt.

– I starten av møtet var eg offensiv og sa at viss han hadde brydd seg litt om arbeidsmiljøet og jobba litt for det, så hadde ikkje slike ting kome på trykk. Men han fekk meg fort ned på jorda att med å mellom anna sei at han ikkje trudde på meg, seier Sørland.

«Eg bad om orsaking for avisartikkelen, men han trudde ikkje på at eg gjorde det. Der og då var alt uverkeleg, og det vart verre når eg var ferdig med møtet. Når det fekk synke innover meg vart det ei tøff oppleving. Eg trudde eg var robust»

– Ved eit par høve sa Bolstad at viss eg hadde svara annleis, hadde du vore utan jobb. Under heile møtet på to timar låg der ein liten trussel og ein usikkerheit om utfallet på det møtet.

Orkar ikkje meir
Sørland har vore i Helse Førde sidan 1984, men han vel no å seie opp jobben sin som operasjonssjukepleiar. Han orkar rett og slett ikkje meir.

Som tidlegare verneombod kjenner han godt til kva arbeidsgjevar og tilsette skal gjere for å kunne einast i ein konflikt. Tidlegare hadde han tru på at samtale kunne vere med å løyse problem som oppstod på arbeidsplassen.

Men det mista han trua på då han vart kalla inn på teppet til Bolstad.
«Du har kanskje hatt god tru på deg sjølv, og har hatt ein tanke om at du fungerer både sosialt og fagleg. Så er det nokon som river det vekk.»

Sørland vart sjukmeld i to månder etter møtet med Bolstad. Situasjonen på kontoret til sjefen, der han i klartekst fekk beskjed om at han ikkje var dugande korkje som menneske eller som sjukepleiar, sette djupe spor.

– Eg har ikkje høyrt om andre som gjer ting på ein slik måte. Eg kan ikkje tenke meg at det er normalt. Uansett om ein er sjef, så er det ikkje måten å ta det på. Det er vaksne folk ein har med å gjere, seier Sørland.

Han vedgår at han uttalte seg noko krasst til journalisten, men meiner Bolstad ikkje hadde grunnlag for å opptre på den måten han gjorde i møtet. Etter to timar på kontoret til Bolstad, gjekk Sørland ut med trussel om at han kunne miste jobben.

– Bolstad har makt over folk
Sørland seier det kan verke rart at ein vert så prega etter eit slikt møte at ein vert sjuk. Men han meiner Bolstad har stor makt over folk gjennom veremåten hans og måten han ordlegg seg på.

– Eg trur alle leiarar som går på kurs i dag, lærer litt om å lytte og å sette arbeidarane i sentrum, og sjå på dei som ein ressurs og få fram det beste i dei. Eg trur alle leiarane i Helse Førde har gått på det kurset, men eitt eller anna skjer i systemet og i kulturen i helseføretaket, seier Sørland.

«I det daglege hadde det vore kjekt å høyre frå sjefane at vi gjer ein god jobb. Ingen i leiinga har fortalt oss det. Bolstad har sider ved seg som ikkje er i samsvar med min måte å forstå godheit på.»

Etter sjukmeldinga reiste han til Bergen og var der i eitt år. For måten Bolstad oppførte seg på gjekk slik inn på Sørland at han mista trua på seg sjølv.

Sørland seier han kjenner til fleire saker der tilsette er blitt behandla på ein så respektlaus måte av administrerande direktør Jon Bolstad at det har gått på helsa laus for mange.

– Ein del av jobben min
Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde seier ein del av jobben hans er å vurdere og å fatte vedtak i vanskelege personalsaker, og at Helse Førde har eigne organ for konlikthandtering. Desse vart brukt og fulgt i saka med Sørland.

– Eg kan uttale meg på eit generelt grunnlag. Ein del av min jobb er å vurdere og fatte vedtak i vanskelege personalsaker. Det er sjølvsagt forhold som kan vere ubehagelege og kan vere tildels konfliktfylte og vanskelege, seier Bolstad.

– Vi har organ for konflikthandterning, og vi har system for medverknad frå dei tillitsvalde i slike saker. Det har også blitt brukt og fylt i denne saka her. Dette er ei personalsak som er avslutta for fem år sidan. Og det vil vere feil av meg å gå inn i denne, eller liknande saker på nytt. Men dersom Sørland ønskjer å formidle noko til meg, så er han sjølvsagt velkommen til å ta kontakt, seier Bolstad.

• Les saka og sjå intervjuet med Nils Arne Sørland på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar