mandag 8. mars 2010

Raudt: Ein prøveklut for høgresida i AP


FIRDA ORIGO Forslaget om nedlegging av lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid er ei hjarterå sentralisering av viktige akuttfunksjonar og fødetilbod. Raudt vil ikkje akseptere at nærleik til akuttilbod og i verste fall liv og helse blir ofra for økonomien sin del.

Raudt vil gje ros til Sogn og Fjordane SP for at dei aktivt har teke til motmæle mot forslaget frå styret i Helse Førde, og det er tragisk at lokalsjukehus-tilhengjararne ikkje vann fram på AP-årsmøtet. Kva tid kjem SV på bana i denne saka?

Det er heilt klart at høgresida i AP no utnyttar litt uklare formuleringar i Soria Moria til å sentralisere helsetilbodet i fylket. Dersom sentralistane vinn fram her, vil dei andre lokalsjukehusa i landet også vere i fare.

Raudt oppmodar fagforeiningane både i offentleg sektor og i privat næringsliv til å vedta fråsegner og sende desse til Helse Førde, fylkestinget, Stortinget og Regjeringa.

Dersom vi får til eit slikt press, må sentralistane vike for fornuft. Dei som kjempa for sjukehusa i Høyanger og Florø leid nederlag, men konsekvensane vil bli verre dersom Lærdal og Nordfjordeid blir nedlagde fordi desse delane av fylket vil få lenger veg til akuttilbodet.

Denne kampen skal folk i Sogn og Fjordane vinne!

Raudt Sogn og Fjordane

• Les saka på Firda Origo ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar