torsdag 25. mars 2010

Partia: Krev desentralisert sjukehusstruktur


FJORDABLADET Kva meiner dei ulike politiske partia om Helse Førde sitt framlegg til framtidig organisering av sjukehusa i fylket? Trykk les meir, og sjå kva fylkespartia i Kristieleg Folkeparti og SV meiner. Raudt i Høyanger har også kome med ein uttale. Ingen av partia sluttar seg til direktør Jon Bolstad (biletet) og styret i Helse Førde sin føreslegne modell.


KRISTELEG FOLKEPARTI
KrF krev desentralisert sjukehusstruktur

KrF ønskjer eit likeverdig tilbod av helsetenester til innbyggarane over heile landet.

Kvalitet, tryggleik, tilgjenge og omsorg skal utgjere kjerneverdiane i helsetenesta. KrF vil ha ein sjukehusstruktur som sikrar desentraliserte tenester for behandling av store pasientgrupper, og sentraliserte tenester for sjeldnare og meir avansert behandling.
Fylkesstyret i Sogn og Fjordane KrF meiner det er viktig å halde fram med spesialiserte tenester som eit tilbod i eige fylke, på sentralsjukehuset i Førde.

Framleis lokalsjukehus
Vi meiner det framleis skal vere sjukehusdrift på Eid og Lærdal, tilpassa det behovet som er, og med funksjonsfordeling mellom sjukehusa. Vi meiner det er feil å ta vekk fødetilbodet.
Vidare meiner KrF at Helse Førde ikkje kan planlegge drifta si ut frå ei samhandlingsreform som ikkje er vedteken, og som kommunane ikkje har behandla enno. Målet med samhandlingsreforma er at pasientane skal få hjelp nærast mogeleg heimen. Då vil kanskje ikkje løysinga bli «sjukehussenger» ved lokalsjukehusa.

Ruspost
KrF er godt nøgd med at Helse Førde legg inn driftsmidlar til rusposten på Eid, opprettheld psykiatrien og at ambulansetenesta framleis skal vere god og tilstades i alle kommunar.
KrF er oppteken av å halde det ein lova, og det som er «kontrakten» med veljarane. Vi utfordrar Ap, Sp og SV til å gjere det same, og å finne naudsynte driftsmidlar til ei sjukehusdrift i Sogn og Fjordane som inkluderer lokalsjukehusa på ein betre måte enn ved å gjere dei om til lokalmedisinske sentra.


SOSIALISTISK VENSTREPARTI
Eit heilskapleg og solid helsetilbod i Sogn og Fjordane


I regjeringserklæringa frå i haust vart Ap, Sp og SV samde om desse formuleringane: «Regjeringen vil videreføre arbeidet med en betre arbeidsdeling mellom sykehus. Dette kan bety at enkelte sykehus skal gjøre andre oppgaver enn i dag, blant annet sett i sammenheng med samhandlingsreformen. I dette arbeidet legges det til grunn at dagens desentraliserte sykehustilbud skal opprettholdets. Dette vil blant annet sikre nærhet til akuttfunksjoner og fødetilbud, selv om slike tilbud ikke gis ved alle sykehus. Ingen lokalsykehus skal legges ned. Sogn og Fjordane SV står fast på løfta frå regjeringserklæringa.

Sogn og Fjordane SV meiner derfor at styret i Helse Førde ikkje bør vedta nokon av dei tre modellane som er framlagde i denne høyringsrunden, men i staden velje ein fjerde veg. Ingen av dei tre modellane stettar krava til eit godt nok helsetenestetilbod for alle innbyggjarane. Strukturen vert ikkje solid og slitesterk nok for framtida og peikar heller ikkje i retning av føringane i samhandlingsreforma. Vi meiner heller ikkje at utgreiingane frå Helse Førde gjev godt nok grunnlag for å sjå på berre desse tre modellane.

Å avvikle sentralsjukehus i fylket vil sjølvsagt vere eit uaktuelt alternativ. Borna våre skal ikkje måtte reise til Bergen for å treffe ein øyre-nase-hals-spesialist eller at våre eldre må til Ålesund til augelækjar. Sentralsjukehuset er viktig både for lokalsjukehusa, sjukepleiehøgskulen og folket i fylket.


Sogn og Fjordane SV går inn for ein modell med eit sentralsjukehus og to lokalsjukehus. Innanfor denne strukturen lyt vi møte utfordringane med å stette dei økonomiske krava i helseføretaket. Lokalsjukehusa må som eit minimum ha indremedisinsk døgnavdeling med sengepost og røntgen- og laboratorietenester. I tillegg til Helse Førde sin sengepost skal kommunane bli invitert med i å utvikle det døgnbaserte tilbodet ved desse lokalsjukehusa. Vidare bør lokalsjukehusa ha tenestene som ligg i dei lokalmedisinske sentra i Helse Førde sin modell 1. Det er òg mogeleg å desentraliserte høgt spesialiserte tenester dersom ein har spesialkompetanse som gjer dette ynskjeleg.

Det vil uansett framover vere behov for helsetenester i sjiktet mellom kommunehelsetenesta og sentralsjukehustenester. Spesielt vil utfordringa i åra som kjem vere knytt til eit aukande tal eldre med samansette lidingar og livstilssjukdommar. Desse gruppene vil trenge sjukehustenester og kan med fordel få eit tilbod innanfor det nye lokalsjukehuset. Dersom dei ikkje får tilbod på lokalsjukehus i Lærdal og på Eid, vil dei måtte bruke lokalsjukehusfunksjonane ved sentralsjukehuset, noko som aukar transportkostnader, tal liggedøgn og truleg vil utløyse kapasitetsutviding og nye investeringsbehov ved sentralsjukehuset. Dette er ikkje rasjonelt eller i tråd med intensjonane i samhandlingsreforma. At Helse Førde har sengepost ved lokalsjukehusa vil vere eit viktig insitament for kommunane til å delta i samarbeid om interkommunale sengepostar og kunne bygge opp den halvannanlinjetenesta samhandlingsreforma føreset.

Samhandlingsreforma er per i dag ikkje endeleg handsama i Stortinget. Innhaldet i reforma vil i stor grad bli forma når eit endeleg vedtak skal implementerast. Omorganisering av lokalsjukehusfunksjonar bør ein unngå å gjere einsidig frå Helse Førde si side. Det må gjerast i nær dialog med kommunane når kommunane sine økonomiske rammer for samhandling er fastlagt.


RAUDT
Treng både lokalsjukehus og styrka kommunehelseteneste

Raudt Høyanger meiner at lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid må oppretthaldast som fullverdige lokalsjukehus med akutt- og fødetilbod som no. Innbyggjarane i Nordfjord og i Indre Sogn har krav på same nærleik til slike helsetenester som Sunnfjord og Ytre Sogn har gjennom sjukehuset i Førde.

Den raudgrøne regjeringa og det raudgrøne stortingsfleirtalet må bla opp millionane som trengst. I tillegg må det rekneskapssystemet som skapar eit økonomisk underskot avskaffast. Raudt er mot at sjukehusa skal budsjetterast og rekneskapsførast annleis enn offentlege velferdstilbod elles.

Helse Førde sitt forslag om nedlegging av lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid vil gjere desse om til lokalmedisinske senter. Modellen er basert på samhandlingsreforma – det som lett kan bli eks-statsråd Bjarne Håkon Hansen ”si” neste store skandale-prosjekt etter NAV-misfosteret. Samhandlingsreforma må etter Raudt Høyanger si meining ikkje gjennomførast utan utprøving med retrett-sjansar. Lokalsjukehus i eit fylke med spreidd busetjing bør ikkje vere prøvekanin.

Raudt Høyanger ser eit sterkt behov for både førebyggjande og kurativ tiltak mot dei sjukdomar og den utviklinga som blir brukt til å marknadsføre samhandlingsreforma. Partiet ser også at tilbod som i dag berre finst på sjukehus, må desentraliserast til kommunane eller interkommunale løysingar. Raudt meiner difor at det beste som kan gjerast er auka løyvingar til kommunane øyremerka førebyggjing, meir desentralisert behandling og auka løn til helsearbeidarar slik at fleire utdannar seg til desse yrka. Dette vil også vere eit godt tiltak i kampen for likeløn fordi dei fleste helsearbeidarar er kvinner. Interkommunale løysingar bør berre vere aktuelt når mangelen på fagfolk, for små fagmiljø og for lite tilgjengeleg utstyr gjer det aktuelt.

Raudt Høyanger vil på denne bakgrunnen krevje at Helse Førde går bort frå planane om å leggje ned lokalsjukehusa og den sentraliseringa av kompetansearbeidsplassar dette inneber. Helse Førde må heller sender rekninga dit den høyrer heime – hjå sentralstyresmakta. Raudt Høyanger meiner at meir av avgifts- og skattekronene må tilbakeførast til kommunane slik at der kan byggjast opp både førebyggjande og kurative tilbod som gjer innlegging på sjukehus unødvendig.

Raudt vil Høyanger vil utfordre dei politiske partia i Høyanger til å støtte kravet om oppretthalding av lokalsjukehusa og om auka økonomiske tilbakeføringar frå staten til kommunane slik at førebyggjing av sjukdom og meir desentralisert kurativ behandling kan gjennomførast. Eller skal Ap-ordførar Longva og H-Astor si einsidige støtte til sentralsjukehuset bli ståande som Høyanger sitt standpunkt? Raudt vil det annleis. Kor er resten av opposisjonen?

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar