fredag 5. mars 2010

Helse Førde sin strategiplan er lagt ut


Her finn du dokumenta.

Styret er for "Modell 1":
Eitt sentralsjukehus, to lokale medisinske senter:

Økonomi:
Under dei gitte føresetnadane vil modellen kunne gje eit årleg positivt driftsresultat på om lag 47 mill kroner i 2020.

Investeringsbehov:
Modellen føreset at det vert stilt til rådvelde investeringsmidlar til utvida operasjonsstovekapasitet samt til auka dagkirurgi. Det ligg føre berekningar på utviding av operasjonsstovekapasitet, medan investeringskostnadar knytt til utviding av dagkirurgiareal må utgreiast nærare.

Kapasitet:
Modellen legg til grunn ein generell aktivitetsreduksjon på 7%. Aktivitet for ortopediske gjestepasientar ved LSH er trekt ut. Ut over det legg vi til grunn at dagens kapasitet (målt i tal behandla pasientar) vert oppretthalde. Fleire av desse får tilbodet sitt ved FSS eller som ambulant dag-/polikinisk tilbod. Nokre vil også få tilbod ved det kommunale tenestetilbodet i dei lokalmedisinske sentera.

Kompetanse og berekraftige fagmiljø:
Av dei utgreidde alternativa er dette den modellen som best legg til rette for å sikre og vidareutvikle berekraftige fagmiljø. Miljøa vert samla i større einingar med tilsvarande større pasientvolum.
Samhandling med kommunehelsetenesta: Modellen føreset eit nært samarbeid med kommunane om ei rekkje pasientgrupper. Samarbeidet er foreslått organisert i samlokaliserte, lokalmedisinske senter, med tett integrasjon mellom ambulerande spesialistar og interkommunale tenester.


ANSVARSFORDELING ER FORKLART PÅ S 27:

Kommunal del:
• Interkommunal legevakt med mål om å byggje ut kapasitet til å yte skadebehandling. I ein overgangsfase kan ein legge til rette for ambulante skadepolikliniske tenester frå FSS.
• Interkommunal sengepost. Denne kan fungere som ein observasjonspost for pasientar som
treng nærare avklaring før eventuell sjukehusinnlegging eller t.d. overføring til anna kommunal institusjon. Posten kan vere eit tilbod for eldre pasientar som i korte periodar treng heildøgnstilbod, utan at sjukehusinnlegging er nødvendig. Ikkje minst vil denne posten gi eit tilbod for opptrenings- og rehabiliteringspasientar som har behov for noko ekstra oppfølging før heimreise, etter eit sjukehusopphald.
• Senteret har laboratorieutstyr og –kapasitet tilsvarande eit velutrusta primærlegekontor.
• Ansvar for pasientretta lærings- og meistringsarbeid.
• Senteret inngår deltek i kompetanseutvikling overfor dei einskilde kommunane.
• Senteret har telemedisinsk utstyr knytt til Norsk Helsenett.

Spesialisthelsetenestedel og –ansvar:
• Kompetanseoverføring til interkommunal legevakt og sengepost. Dette vil kunne gjelde akuttmedisin, skadebehandling, rehabiliteringskompetanse, læring og meistring m.m.

• I ein overgangsfase må kompetanseoverføringa også skje gjennom deltaking i klinisk
vurdering av einskildpasientar, som ein ekstra kapasitet og støtte i arbeidet både på
legevakt og overfor pasientar på observasjons-/sengepost.

• Teleradiologi med radiograf på vakt på dagtid. Det finst allereie i dag radiologisk utstyr på
NSH og LSH, og i ein slik modell kan dette utstyret stillast til rådvelde for det lokalmedisinske senteret, som ei styrking av den diagnostiske kapasiteten på legevakt/obs- post. Dette vert betjent av radiograf på vakt (tilsett på radiologisk avdeling FSS), medan tolkinga av røntgenbileta vert gjort av radiolog på FSS.

• Ambulant, planlagd dagbehandling og poliklinikk. Dette vil kunne gjelde tilbod innan:
- Indremedisin
- Dialyse
- Skade/ortopedi
- Auge
- ØNH
- Pediatri
- Gyn/føde
- Hud
- Kirurgi
- Blodtapping

I tillegg vil tverrfaglege team ambulere både til dei lokalmedisinske sentra og til einskildkommunar. Dette gjeld t.d.
• Team lindrande behandling
• Geriatriteam
• Rehabiliteringsteam
• Læring og meistring

Talet på dagar per veke må heile tida vere bestemt utifrå pasientvolum og vere i tråd med eit nærare utrekna behov.


LOKALMEDISINSK SENTER FOR INDRE SOGN ER TENKT LAGT TIL SOGNDAL INNAN 2013!
Modellen er i stor grad tufta på verdien av samlokalisering av interkommunale helsetenester og ambulante tilbod frå spesialisthelsetenesta. Det er naturleg at Helse Førde inviterer kommunane til å ta i bruk areal ved NSH som eit integrert, lokalmedisinsk senter. Likeeins kan ein på kort sikt invitere kommunane i Indre Sogn til å nytte bygningsmassen ved LSH til tilsvarande tenester. På grunn kommunikasjonar og utviklinga i folketalet i regionen bør likevel eit lokalmedisinsk senter for Indre Sogn vurderast lagt til Sogndal innan 2013(mi utheving). (Henta frå side 28.)

• Les meir ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar