lørdag 13. mars 2010

Fødestova i Lærdal: Tre på ein dag


SOGN AVIS Og fleire i vente på Lærdal.

Jordmor Satu M. Henell ved Lærdal sjukehus er i strålande humør om dagen. Denne veka vart det fødd tre born på ein og same dag ved fødestova og Henell ventar stor pågang av fødande også dei næraste månadene.
– Det er slik me vil ha det, med gråtande born, barselkvinner og fødeklare kvinner rundt oss heile døgnet, seier Henell.

Då Sogn Avis var innom fødestova var der fire nye verdsborgarar som fekk godt stell. Til no i år har det vore 23 fødslar ved sjukehuset, like mange fødslar som til mai i fjor.
– Me har lister som viser stor pågang i tida som kjem, noko som viser at det er behov for eit fødetilbod i Lærdal, seier Henell.

Det er også mange kvinner frå Hemsedal som vel Lærdal sjukehus på grunn av den korte avstanden.

Gynekolog Pål Wörner-Hansen meiner det no er på tide at seleksjonskriteria for føden i Lærdal blir mjuka opp.
– Me har både lege og gynekolog her døgnet rundt. Dei strenge seleksjonskriteria var ikkje laga med det som utgangspunkt og me har fleire gongar freista å få ei revidering av desse, seier gynekologen.

• Les denne saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta. Les meir om babyboomen ved sjukehuset i Lærdal i papirutgåva eller eavisa til Sogn Avis laurdag.

• Klikk her for å lesa om den same saka i Firda. Her er det òg nokre kommentarar under saka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar