tirsdag 2. mars 2010

Fagforbundet skremde over Helse Førde-leiinga


NRK SOGN OG FJORDANE Fagforbundet er skremde og sjokkerte over det som blir sagt om leiarstilen i Helse Førde.

Overlegar, sjukepleiarar og andre tilsette i helseføretaket har teke bladet frå munnen og skildrar leiarstilen som eit terrorvelde og sovjetregime.

LES OGSÅ: - Bolstad bør gå

- Eg er sjokkert dersom det er eit snev av sanning i berre ein brøkdel av det som er sagt og gjeve uttrykk for. Eg har ikkje grunn til å tru at det ikkje er rett, seier ein rysta fylkesleiar i Fagforbundet, Solveig Norevik.

Får ture fram som dei vil
Over 500 tilsette i Helse Førde er organsierte i Fagforbundet. NRK har snakka med over 30 tilsette og tidlegare tilsette i Helseføretaket, som meiner adm. dir. Jon Bolstad har ein leiarstil som skapar fryktkultur i arbeidsdagen.

LES OGSÅ: Mistillit til Jon Bolstad

– Eg ønskjer ikkje å vere del av eit arbeidsmiljø prega av bakvasking, der folk får ture fram som dei vil, seier Anne Rysjedal, tidlegare leiar for forsking og utdanning i Helse Førde.

- Forferdeleg trist
Styreleiar Clara Øberg og adm. dir. Bolstad avviste måndag den massive kritikken som blir retta mot sjukehusleiinga.

LES OGSÅ: - Feil å avvise kritikk

- Det er forferdeleg trist å tenkje på at nokre av våre medlemer lir av noko av det som er skildra her. Dersom det er ein utbreidd kultur som vi høyrer frå Helse Førde, så er det ikkje rart at det er eit høgt sjukefråvær, seier Norevik.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar