mandag 31. august 2009

Ombygging av OVOP startar truleg neste veke


PORTEN.NO Ombygginga av den mykje omtalte OVOP avdelinga kjem truleg i gang i løpet av neste veke.
To relativt nyoppussa rom på medisinsk avdeling vert bygt om til eitt rom med plass for tre overvakingssenger. I tillegg vert det lagt til rette utstyr for ei fjerde seng som kan takast i bruk ved behov. Einerom for dei sjukaste pasientane vert det dermed heilt slutt på.

Teknisk direktør i Helse Førde, Eiliv K. Berdal seier til Porten.no kostnaden med ombygginga i utgangspunktet var vesentleg større enn den halve millionen det no er grovkalkulert med. Planane måtte difor endrast.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

søndag 30. august 2009

FFO: Helsepolitisk debattmøte, 2. september NB! FLYTTA TIL FØRDE


Dette var konklusjonen etter at organisasjonane samla seg til førebuingsmøte til politisk paneldebatt. Denne gongen vert debatten halden i FØRDE, 2. september. (Flytta frå Nordfjordeid.)

Organisasjonane trekte fram transporttenesteordninga, universell utforming, skule, rehabilitering, bassengterapi, partsstatus til organisasjonane, hjelpemiddel og psykisk helse som nokre av dei viktigaste sakene.

Så langt har funksjonshemma sine saker ikkje vore i fokus når partia har formidla sine viktigaste bodskap i valkampen.

Organisasjonane var også skuffa over at fleire av partia, (og særskilt regjeringspartia) vel å sende kandidatar langt nede på listene til FFO sin valkampdebatt. Ein stillte seg spørsmålet om det kunne vere eit generelt trekk ved valkampen i år og tida vi lever i no - har vi fått eit kaldare samfunn, der vi ikkje lenger synes det er så viktig å ta vare på alle?

• Les saka på FFO Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

fredag 28. august 2009

Pasient og sjukepleiar kritisk til nedlegging av OVOP


Bjørghild Holien, som kjenner overvåkinga ved Lærdal både som sjukepleiar og pasient med brev til klinikkdirektør Arve Varden. Dette er ei sak på Porten i dag.

NEDLEGGJING AV OVOP/OMORGANISERING


Som pasient i sommar har eg verkeleg fått erfare kor viktig det er med einerom og ro når ein er alvorleg sjuk. Vart innlagt med hjernehinnebetennelse der ro og skjerming av lys, lyd og stimuli er ein del av behandlinga saman med antibiotika.
Med dette som personleg erfaring, ser eg med undring på av overvakninga (med einerom) skal flyttast til eit felles rom på medisinsk avdeling. Det vil siea at dei dårlegaste sengeliggande pasientane vert lagt samen, med kun forheng mellom.

Er sjukepleiar på OVOP og har jobba ”på huset” i 20 år. På 90-talet hadde me felles overvåkingsrom og med dei erfaringane me gjorde då, vart nye OVOP bygd slik at pasientane (og pårørande) skulle få betre og meir verdig pleie. På OVOP ligg no medisinske pasientar på einerom samtidig som me servar postoperative pasientar, tek imot akutte pasientar og har legevakt på nattevakt! Dette har vore ei løysing me på OVOP, pasientane og pårørande har vore nøgde med.

Har ein del spørsmål eg lurer på i den ”nye” omorganiseringa:
• Kvifor flytte frå OVOP der me har einerom, til eit felles medisinsk rom som må byggast?
- Eineromma på OVOP vil stå tomme. Det vert ingen ekstra kostnad med å la pasientane ligge der de er.

• Kvifor koste pengar på å slå saman to nyoppussa rom på medisinsk avdeling for å bygge eit nytt overvåkningsrom
- Neppe økonomisk besparande. Det vert òg kostnad med å flytte overvåkningsutstyr i tillegg til å kjøpe nytt i og med at det vert to overvåkningssentralar i staden for ein. Medisinsk avdeling vil òg få 4 mindre sengeplassar

• Er denne løysinga medisinsk/etisk forsvarleg?
- Det er i alle fall ikkje til det beste for pasientane (noko som ofte vert brukt som argument/bortforklaring ved all nedskjæring)

På overvåkninga vert pasientar med brystsmerter, hjartesvikt, blodforgiftning, KOLS og astma, hjerneslag, utstabile pasientar liggande saman med pasientar med smitte, som svineinfluensa (ja dei skal i utgangspunktet til Førde, men er det ikkje flyvær og dei treng respirator, kan me ikkje sende dei heim til været blir betre).

Ei slik samling av dårlege pasientar er ikkje verdig for pasientane. Har opplevd frå tidlegare fellesovervåkning at pasientar døyr bak forhenget mens andre pasientar høyrer på. Forhenget er ikkje lydtett og heller ikkje alle pasientar er tunghøyrde.

Kva med pårørande i eit slikt fellesrom? Pårørande er ein viktig ressurs for dårlege pasientar.

Denne nye ”løysinga” går ut over dei svakaste, dårlegaste og mest forsvarslause pasientane.
Løysinga er lite fagleg gjennomtenkt, men rikeleg detaljstyrt reint teknisk.

Er glad eg vart innlagt før omorganiseringa trår i kraft og vil takke heile storfamilien min/sjukehuset i Lærdal for profesjonell pleie, behandling og service på alle plan!

Helsa og det medmenneskelege er viktigare enn økonomisk sparing og nedskjæring!

Lærdal 28/8,
Bjørghild Holien

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 27. august 2009

Fylkes-SV: Sjukehusa gjer kvarandre gode!


I Sogn og Fjordane har sjukehusdebattar ein lei tendens til å føre til at sjukehusa vert sette opp mot kvarandre. Somme lokalsjukehusforkjemparar meiner visst at vi kan greie oss utan sentralsjukehus medan andre er sentralistar som meiner at vi kan avvikle lokalsjukehusa. SV meiner dette er uheldige utgangspunkt for ordskiftet.

Sogn og Fjordane SV meiner utgangspunktet må vere at alle har rett til eit fullverdig helsetilbod uavhengig av kvar ein bur. Dette inneber at vi må ha velfungerande lokalsjukehus med høvelege akutt- og fødetilbod og samstundes eit sterkt sentralsjukehus som kan tilby meir spesialiserte tenester. Sentralsjukehuset er viktig for alle som bur i fylket vårt. Vi vil ikkje attende til tida då ein måtte til Bergen for å kome til augespesialist eller nevrolog. SV i Sogn og Fjordane går til val på at ingen av sjukehusa våre skal leggast ned.

I ei fornuftig spesialisthelseteneste er tilboda tilpassa kvarandre. Alle kan ikkje drive med alt, og forstandig arbeidsdeling er ein føresetnad for kvaliteten i tilboda. Sjukehusa er i realiteten avhengige av kvarandre og skulle difor ikkje vere i innbyrdes konkurranse. Er ein avhengig av kvarandre, må ein arbeide for å gjere kvarandre gode. Berre slik får vi utnytta ressursane godt, og berre slik får vi ei nødvendig vidareutvikling av spesialisthelsetenesta i fylket.

SV meiner at organiseringa av sjukehusa må ta vare på både behovet for spesialisering og nærleik til innbyggarane. SV har alltid vore i mot organiseringa i helseføretak fordi det gjer for lite folkevald styring og for tilfeldig organisering. SV ønskjer difor at Stortinget skal vedta nasjonale helseplanar som tek stilling til overordna prioritering og ansvarsfordeling. Ansvaret for drifta i tråd med helseplanen skal overførast til folkevalde på regionalt nivå. Dette er gjort i Skottland, og dette bør gjerast i Noreg.

Mange har reagert på at sentrale politikarar har hatt meiningar om drifta av helesføretaka. Helsepolitikk er noko som opptek folk flest. Det ville vere underleg om våre fremste folkevalde var dei einaste som dei ikkje skulle interessere seg eller om helsepolitikk var det einaste dei ikkje skulle uttale seg om. Folk i Sogn og Fjordane kan kjenne seg trygge på at ein har ansvarlege politikarar som yter sitt beste og som tek ombodsrolla si alvorleg sjølv når avgjerslene er flytta vekk frå politisk styring. Vi ser fram til å møte sentralsjukehuset den 1. september og ser gjerne at dei tillitsvalde også deltek på dette møtet.

Heidi Kathrin Osland
Fylkesleiar
Sogn og Fjordane SV

• Les innlegget på firda.origo.no ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 24. august 2009

Helse Førde tenar ingen ting på å føra over ambulanspersonell i Aurland over til ambulansen i Lærdal

LESARINNLEGG, SENDT TIL SOGN AVIS
av HARALD SJURSEN, AURLAND

Helse Førde tenar ingen ting på å føra over ambulansepersonell i Aurland over til ambulansen i Lærdal.

På dagtid, når det ikkje var utrykningar, vart ambulansepesonane som var på vakt brukte til hjelp på Aurland Helsetun og Aurland brannvesen. Dei timane dei brukte der, betalte dei attende til Helse Førde. Dette var ei ordning Aurland Røde Kors Hjelpekorps hadde med Aurland kommune då dei hadde to ambulansebilar her. I januar 2009 sakna Kari Voldum, styrar ved Aurland Helsetun, denne hjelpa. Ei hjelp ho sette stor pris på. Det var ingen informasjon om at ambulansepersonalet i Aurland skulle eller vart overført til Lærdal sine ambulansar, verker til henne eller til ordføraren i Aurland.
Det må vera personalmangel til Lærdal sine ambulansar som var skuld i dette, for ambulansebilen står i sin garasje, som Aurland kommune held i Helsehuset i Aurland, utan bruk og vedlikehald. Personaloverførina burde heller vore omvendt.
Indre Sogn dermed, for tida, eit ambulansetilbod mindre.

Fråskriv Helse Førde ved Clara Øberg seg arbeidsgjevaransvar?
Det er Helse Førde som arbeidsgjevar som må syta for at det er nok folk til dei stillingane dei har bruk for. Mangel av ambulansepersonal har dei visst om heilt frå den tida helseføretaket starta.
Det er bra at Clara Øberg oppfordra aurlendingar å ta ambulanseutdannig. Men burde ikkje denne oppmodinga gå til alle kommunane i fylket?
Utdaninga er dyr, så det er venskeleg for folk som er ”etablerte” med familie og mindre barn å ta denne. Difor bør Helse Førde stimulera med, tilskot med binding, til ei slik utdanning. Staten burde og koma med likt tilskot, Som arbeidsgjevar bør Helse Førde syta for etterutdanning for dei som manglar full utdanning i dag, og lysa ut ledige tillingar, ikkje berre i Norge men i Sverge og EU og.
Aurland Røde Korps Hjelpekorps og Aurland Lions har gjeve tilskot til slik utdaning. Då er det leitt, for aurlendingane, at ei dårlegare vaktordnig ved ambulansen i Aurland enn i nabokommunane har gjort til at ambulansepersonal har søkt seg dit eller slutta, og at resten vert overført til Lærdalsambulansen.

Akuttmotak og fødetilbod.
Mange akuttpasientar frå Indre Sogn vert sende til Voss, og frå Nordfjord til Volda, grunna kortare avstand dit enn til Førde. Lokalsjukehusa er ikkje oppgraderte.
Om terminen til ei fødande går over sju døgn, kan ikkje Lærdal Sjukehus ta imot denne. Eller rettare sagt skal slike overførast til Førde sentralsjukehus. Mest alle desse frå Indre Sogn vel å reisa til Voss sjukehus.
For alle desse betalar Helse Førde til naboføretaka, i staden for å bruka pengane i eige føretak, som til oppgradering av lokalsjukehusa. Det er ikkje så vanskeleg å skjøna at Helse Førde må gå med underskot. Etter Ingrid Heggø sin utale til meg at Helse Førde som helseføretak er det dårlegaste i klassen og kan ikkje vera med på å sletta Helse Førde sine underskot..
No meinar no eg at Ingrid Heggø, og andre stotingsrepresentantar, bør setja seg inn i dei geografiske tilhøva i Sogn og Fjordne, og problema helseføretaket her har, og ikkje berre retta opp skjeivtildelnga til helseføretaka, som me i Aurland har påvist mage år før Magnssen rapporten sin stadfesting, men og føreslå å ettergje drifts-underskot for desse, så dei ikkje må dragat med dette i komande budsjett.
Eg får seia som Odd Njøs, litt omskrive, at på heimabana er stortingsrepresentantane vaore storkjefta, men dei spakna straks dei kjem aust om Langfjella og gløymer kvar dei kjem ifrao.

Med helsing
Harald Sjursen

Bryne: Lærdalsvedtaket står fast


NRK SOGN OG FJORDANE – Ingen vil kunne gjere noko med omlegginga av overvakingstenesta ved Lærdal Sjukehus, seier Helse Vest-representant Helge Bryne.

Han representerer Helse Vest i styret i Helse Førde, og i fredag var han klar i talen på styremøtet.

– Sett i verk 1. september
Sjukehustilsette og lokalpolitikarar har protestert mot omlegginga, som går ut på å flytte overvakinga inn i sengeposten og endre turnusen. Men Helge Bryne heller kaldt vatn i blodet på dei som håpar at vedtaket blir gjort om.
- Dette er eit lovleg fatta vedtak, og det blir sett i verk 1.september, seier Bryne,

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

fredag 21. august 2009

Hermansen råder Ap til å avvikle helseforetakene


KOMMUNAL RAPPORT - Vi bør tenke forfra igjen og avvikle helseforetakene. Det sier tidligere Telenor-sjef Tormod Hermansen til Klassekampen.

- Når man forsøker å lage et marked der det ikke er grunnlag for det, fungerer det ikke. Da blir det både ekstrakostnader og mer byråkrati. Innen helsesektoren ser vi at disse markedstilpasningene fungerer dårlig, sier Hermansen, som la grunnlaget for mange av markedsreformene i offentlig sektor på 1990-tallet gjennom innstillingen "En bedre organisert stat".

- Jeg er ikke noen fundamentalist som er en enten veldig for eller veldig mot marked, sier han i dag.

Hermansen mener det i dag er en ubalanse mellom markedsstyring og politisk styring i helsevesenet. Dagens foretaksmodell er i stor grad basert på marked og konkurranse gjennom ordningene med innsatsstyrt finansiering, økonomisk målstyring og bedriftsstruktur.

Hermansen har vært både statssekretær og departementsråd for Ap, og var administrerende direktør for Televerket da det statlige telefonmonopolet i 1995 ble avviklet og erstattet av Telenor, som han var konsernsjef for fram til 2002.

• Les saken i Kommunal Rapport ved å klikke her eller på overskriften

Omorganiseringa av OVOP i Lærdal går som planlagt


På styremøtet til Helse Førde orienterte adm. dir. Jon Bolstad om framdrifta med "omlegging av OVOP". Han hevda at ein ikkje ville få eit ringare tilbod etter omlegginga. Bolstad hevda òg at det berre var minimale kostnadar knytt til ombygginga. Forventa innsparing var 2,5 millionar kroner, sa han.

Styremedlem frå Helse Vest, Helge Bryne, viste til merksemda på fleire plan om denne saka, og minna styret om at dette var eit lovleg fatta vedtak som berre kunne verte endra av Helse Vest eller departementet. Han hevda at begge desse hadde detaljkunnskap om saka og at ingen av dei fann grunn til å gripe inn.

Ingen andre styremedlemmar tok ordet om saka, og det kom ingen kommentarar til dei konkrete innvendingane fra fagfolk som er komme fram i media den siste tida.

torsdag 20. august 2009

Styremøte i Helse Førde fredag 21. august på Sunnfjord hotell

Styret i Helse Førde har møte fredag 21. august. Møtestart kl 10.00. Møtestad er Rica Sunnfjord Hotell, Førde.

SAKSLISTE:

OPEN DEL
052/09 V Godkjenning av innkalling og saksliste
053/09 V Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 19.06.2009
054/09 V Protokoll frå ekstraordinært styremøte/ telefonstyremøte i Helse Førde HF 03.07.2009
055/09 O Administrerande direktør sin orientering
056/09 V Styrerapportering nr. 6 - 2009
057/09 V Plan for vidare omlegging og effektivisering av drifta i Helse Førde HF

OPEN ELLER LUKKA DEL
058/09 Eventuelt

onsdag 19. august 2009

Tverrpolitisk protest mot nedbygging av overvakinga

Styret i Helse Førde
ved styreleiar Clara Øberg

Lat ikkje dei sjukaste få svi for økonomikutta!

Underteikna gruppeleiarar for dei politiske partia i Lærdal vil så sterkt me kan be om at Helse Førde gjer om vedtaket 27.3.09 om å halvera kapasiteten på den medisinske overvakingstenesta ved Lærdal sjukehus. Det kan ikkje rå nokon tvil at:
a Dette er ei klår svekking av tilbodet for dei alvorlegast sjuke i Sogne-regionen
b Dette er eit vedtak stikk i strid med nasjonale faglege råd for organisering av slike tenester
c Dette er å byggja ned ei velfungerande og stabil fagavdeling, stikk i strid med sentrale mål i helseføretaket
d Det er vanskeleg å sjå dette som noko anna enn eit framhald av ei systematisk ”demontering” av Lærdal sjukehus, sidan overvakingstenesta er så grunnleggjande viktig for tryggleiken til alvorleg sjuke

Me meiner desse utslaga av vedtaket 27.3 er tydeleg dokumenterte gjennom skriftlege innspel både frå dei tilsette og frå tidlegare sjefssjukepleiar ved sjukehuset. Det er og grunn til å peika på at ordførarane i ÅLAV-kommunane ser dette som så viktig at dei har gått samla ut og bedt om at vedtaket blir omgjort.

Det er heller ikkje synleggjort i sakspapir me har sett, korleis legegruppa ved sjukehuset og helsetenesta i regionen vurderer dette tiltaket. Me stiller også spørsmål ved kva reelle innsparingar som ligg i vedtaket for føretaket samla sett.

Geir Berge Øverland, Ap Lars Petter Nesse, Sp, Trond Øyen Einemo, H
Jan Olav Fretland, SV Marianne Øren, V

Aurland: – Spring frå ambulanselovnader


SOGN AVIS Harald Sjursen etterlyser skikkeleg svar frå statsministeren om ambulansetenesta.
– Får eg ikkje skikkeleg svar frå statsministeren på breva mine rundt ambulansetenesta i Aurland sluttar eg med politikk og avstår frå å røysta ved valet, seier Harald Sjursen.

Ap-veteranen frå Flåm sender midt i valkampen ein skikkeleg kilevink mot leiinga i moderpartiet, partiet han har tent i 55 år.

Brot på program
Bakgrunnen er ambulansetenesta i Aurland og det han hevdar er eit klart brot på programmet «Ny solidaritet» frå 2005.
Programmet slår fast følgjande: «Arbeiderpartiet vil sikre et desentralisert sykehustilbud som blant annet sørge for nærhet til akuttfunksjoner og fødetilbud, samt en ambulanseteneste over hele landet som har god beredskap og forsvarlig responstid».

Tåkesvar
– På alle punkta har Arbeiderpartiet og regjeringa svikta totalt, meiner Sjursen.

I ni år har han stått på barrikaden for ei god ambulanseteneste i kommunen. På kontoret i heimen har han ein fyldig bunke papir som viser korrespondansen gjennom alle desse åra. Resultatet er i motsetnad til papirbunken tynn. I dag står Aurland utan fast stasjonert ambulanse i kommunen.

Sjursen er opprørt over at ein kommune som i sommarmånadene er vitja av rundt 40.000 menneske kvart døgn – altså som ein over middels stor norsk by – har ein ambulanse på vakt, stasjonert i nabokommunen Lærdal, 20 minutt unna Aurlandsvangen.

Til statsministeren
Det vil han ikkje finna seg i. Difor har han sendt tre brev om forholdet direkte til statsminister Jens Stoltenberg.
– Etter det første brevet fekk eg svar frå statsministerens kontor om at dei hadde merka seg innspela mine, seier Sjursen.
Det svaret slo han seg ikkje til ro med. Ei god veke seinare sende han eit nytt brev der han bad om svar på kva som ville bli gjort med innspela i god tid før valet.
– Det var nettopp innsatsen vår i Aurland Ap som var «vektskåla» for at Arbeidarpartiet fekk to representantar på Sogn og Fjordane-benken etter sist val, seier Sjursen og viser til at Aurland var den fjerde største Ap-kommunen i fylket etter valet.
Om han ikkje snart får svar trugar Sjursen med å verta heimesitjar ved stortingsvalet i september.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 13. august 2009

Stopp nedlegginga av overvakinga på Lærdal sjukehus!

Til styret i Helse Førde

Vend i tide - det er inga skam å snu!

Den siste tida har både noverande og tidlegare tilsette ved Lærdal sjukehus protestert mot nedlegginga av overvakings-og oppvaknings-avdelinga (OVOP) som eiga eining. Dei peikar på at det korkje fagleg eller økonomisk er ei god løysing å splitte opp desse funksjonane.

Deling av overvakingsutstyret og kompetansen på to lokalitetar vil sjølvsagt gje eit dårlegare tilbod til dei mest sårbare pasientgruppene: Det vil bli mindre kapasitet på medisinske overvakingssenger i Lærdal og fleire transportar av kritisk sjuke til Førde.

Det er skammeleg å tenkje på at dei medisinske overvakingspasientane skal verte plasserte i mindre og dårlegare lokale, medan oppvakningspasientane frå ortopedien berre vil nytta ein liten del av dei flotte OVOP-romma.

Overvakinga ved Lærdal sjukehus er organisert og lokalisert svært rasjonelt i høve til operasjonsavdelinga, mottaksrommet for akuttpasientar (t.d. ved hjarteinfarkt), medisinsk vaktrom og legevakttelefonen. Samstundes som personalressursane vert godt utnytta, slepp pasientane ved overvakinga unødig støy og uro frå gangen på medisinsk avdeling.

OVOP-eininga har ei fleksibel romløysing med høve til ekstra skjerming av dei som treng det mest, samstundes som her er kapasitet til å ta opp til åtte pasientar, om det skulle bli naudsynt med stabilisering av mange ved større trafikkulukker eller ”toppar” av KOLS-/hjartesjuketilfelle om vinteren.

Det er berre ti år sidan OVOP vart oppretta. Løysinga vart utvikla i samarbeid med dei tilsette. Resultatet var ein ikkje berre ”nøgd” med, men direkte stolt av! Nedlegging av denne eininga rammar såleis Lærdal sjukehus på ein meiningslaus måte. Korkje tilsette eller me som høyrer til sjukehuset, kan teia når dette skjer.

Nedlegginga av OVOP i Lærdal er eitt av mange forslag til sparetiltak i Helse Førde. På styremøta høyrer eg ofte at de etterlyser økonomisk utteljing av tiltaka de har vedteke. Denne saka vil ikkje verte noko unnatak! Ein treng ikkje vere synsk for å spå at effekten av omfattande ombyggingstiltak med ekstra utstyr (for overvaking på to lokalitetar) og ”dobbel overvakingsbemanning” ikkje vil gje noko positivt bidrag til budsjettbalansen i foretaket, verken på kort eller lang sikt. Dette vert ein leik med tal, der ein berre vil skuva kostnadar mellom klinikkar og einingar.

Om styret i Helse Førde verkeleg har sett seg inn i saka og forstår kva de gjer med denne endringa, kan det ikkje tolkast på anna vis enn at de ynskjer å setje meir fart i nedbygginga av lokalsjukehuset vårt.


Lærdal, 12. august 2009

Forsvar Lærdal sjukehus
v/Bente Øien Hauge

søndag 9. august 2009

Om å spara seg til fant

LESARINNLEGG I SOGN AVIS, LAURDAG 8. AUGUST: Om å spara seg til fant

Frå 1. september i år er det planlagd at overvakings- og oppvakingsavdelinga (OVOP) ved Lærdal sjukehus skal leggast ned. Funksjonane som tidlegare vert ivareteke av OVOP skal splittast mellom avdeling for akuttmedisin (AAM) og Medisinsk avdeling (Med.) Personell ved AAM skal ta seg av postoperativ overvaking av nyleg opererte pasientar i lokale som i dag er ved OVOP. Det tidlegare personalet ved OVOP skal ta seg av medisinsk overvaking av medisinske pasientar ( t.d. pasientar med pustevanskar, hjertesvikt, eller forgiftingar) på Med. Dette medfører noko ombygging ved og flytting av medisin-teknisk utstyr til Med . Årsaka til omlegginga er økonomiske, ein forventar ei innsparing ved å legge ned OVOP.

OVOP er ei etter tilhøva ei ny avdeling , den vart oppretta i 1999. Årsaka var at tilhøva for pasientar som trong overvaking i samband med alvorleg sjukdom , eller oppvaking etter operasjon , var utilstrekkeleg. Legar og sjukepleiarar planla ei avdeling som kunne stetta moderne krav til overvaking, akuttbehandling, utrustning og personalsamansetting.

Som ved dei fleste mindre sjukehus kom ein fram til at ein skulle samla pasientane med særskilde behov for overvaking eller stabiliserande behandling ved ei avdeling. Ei avdeling, ved Lærdal nemnd OVOP, der pasientane vert lagt på grunn av overvakingsbehov eller behov for stabilisering før vidaresending til høgare behandlingsnivå. Ei slik organisering av sjukehustenester for dei dårlegaste pasientane er grunnlaget for oppretting av overvakings-og intensivavdelingar generelt , og i tråd med faglege retningsliner.

Ved OVOP har ein i tillegg hatt akuttmottak for dårlege pasientar og ansvaret for Legevaktsentralen på natta, noko som ytterlegare har auka fleksibiliteten og utnytting av personalet sine kunnskapar og ferdighetar.

Som tidlegare oversjukepleiar for OVOP gjennom sju år har eg hatt stor glede av å arbeide med fagleg engasjerte, dyktige og høgt ansvarsmedvetne sjukpleiarar. Avdelinga har hatt ein stabilitet bland personalet som er sjeldan i spesialisthelsetenesta. Sjukepleiarane og spesialsjukepleiarane ved OVOP mistar ikkje arbeidet ved den planlagde omorganiseringa, men den faglege kapasiteten deira vert ikkje utnytta.

Ein er klar over at Helse Førde har krav om innsparing hengande over seg, og at leiing på alle nivå er pålagde å finna løysingar for å skjære ned. Oppgåver ved sjukehuset har og blitt noko endra, det gjeld både i høve til medisinske og kirurgiske pasientar, men det skal framleis vera akuttberedskap ved sjukehuset. På eit lite sjukehus meiner eg det er mest rasjonelt å samla kapasiteten og ressursane i høve pasientar med behov for overvaking ein stad. Pasientane treng OVOP! Never change a winning team.

Lærdal 03.08.09
Åge Wiberg Bøyum

Talet på fødslar sterkt redusert


PORTEN.NO 36 nye born kom til verda ved Lærdal sjukehus dei sju fyrste månadane i år. Ein dramatisk nedgang frå fjoråret.

-Dette er ei styrt utvikling frå Helse Førde si side, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Tilsvarande ta for same tidsrom i fjor var 74 nyfødde - altså ein nedgang på heile 38. Ved Nordfjord sjukehus var det per 1. august i år fødd 161 ned frå 169 året før. Tala for Sentralsjukehuset er 463 i 2009 medan 208 syner 437 - altså ein oppgang på 26.

-Nedgangen i Lærdal skuldast heilt klart svært strenge kriteria, noko som fråtek personale å ta seg av fødande kvinner som dei er godt kvalifiserte til å ta i mot, sier Bente Øien Hauge. Ho meiner difor dette er ei ynskt utvikling frå helseføretaket si side for å legge ned fødetilbodet.

-Eg reknar med at ein del av dei som står oppført under Førde er såkalla transportfødande, desse har dermed fått eit dårlegare tilbod, seier Bente Øien Hauge.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

søndag 2. august 2009

Sjukepleiarane meiner omorganiseringa vil gå utover kvaliteten


Porten.no: Sjukepleiarane meiner omorganiseringa av OVOP på Lærdal sjukehus er uheldig
I ope brev til klinikkdirektør Arve Varden kommenterer dei planløysinga ved omorganisering av medisinsk overvåkning ved Lærdal Sjukehus.

Her viser dei til vedtak av 27/3-09 der medisinske overvåkingssenger skal integrerast i medisinsk sengepost ved Lærdal Sjukehus frå 1/9 -09.

Frå fire til to senger
-Vi har frå starten stilt spørsmål til om dette totalt kan føre til innsparingar i Helse Førde, og om kvaliteten på medisinsk overvåking kan oppretthaldast. Slik vi har forstått klinikkdirektør Varden, har han bestemt at den nye overvåkinga skal flyttast til eit rom på medisinsk avdeling. Det blir då redusert frå 4 til 2 overvåkningssenger, og med scop-sentral ved skranken ute i gangen på medisinsk avdeling. Akuttmottak og medisinsk mottak skal vere felles på noverande akuttrom. Samstundes skal medisinsk beredskap redusere med 8 sjukepleie stillingar, står det i brevet.

Sjukepleiarane ser på denne løysinga som svært uheldig, mellom anna ut frå følgjande argument;
Overvåkingsrommet er ueigna på grunn av storleiken; Det er ikkje stort nok til at ein kan køyre ut den innerste senga uten å måtte flytte ut den andre, og her er ikkje plass til akuttutstyr.

Plassering av rommet;
Rommet er plassert rett ved hovedinngangen til medisinsk avdeling, dette medfører høgt støynivå og ingen skjerming av pasientane. Rommet har kun ein vask, ingen toalett tilgang.

Mottaksrommet som skal vera akuttmottak av medisinske pasientar vert fysisk langt frå overvåkingsrommet.

Personalet ved medisinsk overvåking får tre rom å forholde seg til, desse ligg ikkje fysisk samla. Konsekvensen blir, slik vi ser det, at det i praksis blir svært vanskeleg å oppretthalde kvalitet på overvåkninga.

Uforsvarleg
Sjukepleiefagleg ser vi på denne planløysinga for medisinsk overvåkning som svært uforsvarleg, og det vil gi eit mykje dårlegare tilbod til pasientane enn det vi har i dag. Vi har i dag ei velfungerande overvåkning/oppvåkning, med ei god og oversiktleg planløysing, står det i brevet til klinikkdirektøren.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta