onsdag 30. april 2008

Lærdal: Fødeavdelinga må på plass att

Dette gjev unge kvinner i Indre Sogn klart uttrykk for i eit ope brev til Clara Øberg og resten av styret i Helse Førde.
Brevet vart overlevert til styreleiaren Clara Øberg av Lise Cirotzki, Brita Hunderi, Gro Agnete Nybø og Ingrid Hval før helseføretaket sitt styremøte i Lærdal onsdag.

• Les saka på Porten ved å klikke på overskrifta her.

Mødre overleverte krav om fødeavdeling

Det var ei gripande stund rett før styremøtet i Helse Førde i dag, då nokre ferske mødre og gravide fekk møte styreleiar Clara Øberg og overlevera eit skriv med krav om å få gjenoppretta ei fullverdig fødeavdeling ved Lærdal sjukehus. I skrivet frå mødrene står det:

Til Clara Øberg og styret i Helse Førde på møte 30. april 2008

LA OSS FÅ ATT FØDEAVDELINGA VÅR

Unge kvinner i Indre Sogn er lei av å vere usikre på kor hen me kan føde, om me kan føde på Lærdal eller må reisa til Førde eller Voss!

Me hadde ei god og trygg fødeavdeling før 2004. Der kunne me få alt, som epidural og planlagte keisersnitt. Me er glad for fødestova vår har beredskap, for det har me hatt god bruk for. Men me ønskjer tilbake det gode tilbodet me hadde før.

To barneliv er redda, berre i april, på grunn av beredskapen i Lærdal:
Gro Agnete Nybø fra Lærdal hadde to veker att til termin, forventa normal fødsel og var selektert til å føde ved fødestova. Ho hadde nett laga middag då vatnet gjekk 12. april, med mykje blod. Ho reiste til Lærdal sjukehus. Då jordmor tilkalla legen på grunn av symptomene vart det oppdaga at morkaka var begynt å løsne. Det vart full narkose og naudkeisersnitt. Alt gjekk bra denne gongen, men utan gynekolog og operasjonsberedskap ville ungen ikkje klart seg på grunn av oksygenmangel. Det er òg eit spørsmål om Gro Agnete ville overlevd transport til Førde eller Voss med blødningar.
Monica Øvstetun frå Årdal hadde eit normalt svangerskap og forventa normal fødsel. Ho var selektert til å føde ved fødestova. Vatnet gikk halv åtte om morgonen 14. april, og ho reiste inn til Lærdal sjukehus. Straks etter at Monica kom fram – før jordmor hadde undersøkt henne – fekk ho navlesnorsfremfall. Takka vere at personale var på plass, kunne dei ta katastrofekeisersnitt. Sjå reportasjen i Sogn Avis 17. april.

Me veit om fleire tilfeller der beredskapen har vore viktig for at det gjekk bra, og me likar ikkje at det stadig er trekt fram at det er for dyrt med beredskap i Lærdal når det er snakk om økonomien i Helse Førde. Er ikkje ungane våre verdt denne prisen?

Det er så mykje styr rundt dette med føde for oss. Det skapar uro under svangerskapet. Før 2004 kunne nesten alle føde i Lærdal, no er det berre kvar tredje sognekvinne som får det. Utviklinga har gått feil veg for oss.

Av og til kunne me ønskt at dei som styrer over dette fekk prøve korleis det er å gå å lure på korhen ein skal føde. Det er ikkje lov å transportere kyr eller sau i fødsel, men sognekvinner er det visst ikkje så nøye med! Korleis trur de det er å liggje fastspent på båre med veer? Korleis trur de at me har det når me må køyre Sogndalsdalen og Kjøsnesfjorden vinterstid med veer?

Dei fleste vil sjølvsagt føde i Sogn. Her har me heimen vår og familien vår. Me ønskjer oss ein god opplevelse rundt fødselen, få vere heime så lenge som me kan. Å reise så langt tar vekk alt det fine rundt å få ein unge. Det som skal vere ei fin oppleving i livet, med graviditet og fødsel, blir fylt med uro og bekymring. Det er grusomt å ligge med barseltårer i Førde og ikkje få besøk.

No ber me deg og styret ditt vere så modige at de bestemmer dykk for å ta til vit og gje oss att fødeavdelinga vår!


• Klikk på overskrifta her og sjå saka, med bilete, i Sogn Avis på nett

fredag 25. april 2008

Styresakene til Helse Førde-møtet i Lærdal 30. april er lagt ut på nett

NB! MØTET STARTAR KL. 09.30

Sakliste HF 30-04-2008
Styreprotokoll HF 26-03-2008
Styresak 028-08 O Innkalling til Dialogkonferanse 14 mai 2008
Styresak 028-08 Retningsliner stillingsutval
Styresak 029-08 V Styrerapportering nr 3 - 2008
Styresak 030-08 V Mikrobiologisk tenestetilbod i Helse Førde
Styresak 030-08 V Vedl 1 Plan for Mikrobiologi i Helse Førde
Styresak 031-08 V Forslag landsvernplan helsebygg
Styresak 032-08 V Organisering kreftbehandling
Styresak 032-08 V Vedl 1 Kreftplanen 20080422 styret

Styresak 033/08 V "Årsrekneskap - Helse Førde HF" vert lagt ut når den er klar.

• Sjå oversikten og last ned styresakene ved å klikke på overskrifta her

Forsvar Lærdal sjukehus på Sentrum kafe, Lærdal tysdag 29. april kl. 20

Dersom du ynskjer litt orientering om korleis styremøta i Helse Førde går føre seg og sakene som styret skal handsama den 30. april, vil fleire frå Forsvar Lærdal sjukehus vera tilgjengeleg på Sentrum kafe på Lærdalsøyri kvelden før møtet, tysdag 29. april frå kl. 20.

Me fortel også gjerne om arbeidet i aksjonen, og du kan komma med innspel til dialogmøtet med styret i mai.

Dette er eit uformelt møte! Sentrum kafe er open som vanleg, og det er høve til å kjøpe seg kaffe og mat.

Av praktiske omsyn tek me gjerne imot førehandspåmelding til epost bente@fjordinfo.no

Legevaktsamarbeid i Nordfjord

Under overskrifta "Full semje om legevaktsamarbeid" melder avisa Fjordingen:

"Helse- og sosialutvalet i Stryn gjekk samrøystes inn for å gjenreise Nordfjord legevakt frå 1. september 2008. Det er eit vilkår at Eid, Hornindal og Vågsøy gjer tilsvarande vedtak.

Legevakta vert lokalisert til Nordfjord sjukehus med opningstid frå klokka 22 til 08 på kvardagar inkludert fredag kveld, samt 24 timar bemanning på alle laurdag, søn- og helgedagar.

- Den store endringa frå sist vi hadde felles legevakt, er at det no blir lokal vakt i Stryn og dei andre samarbeidskommunane fram til klokka 22 på yrkedagar, seier helse- og sosialsjef Berit Wetlesen til Fjordingen.

Vaktsamarbeidet gjev Stryn kommune ei meirutgift på ca 300.000 kroner per år.

- Den økonomiske sida vil betre seg til fleire kommunar som blir med og deler på kostnadane, understrekar Wetlesen. Etter det Fjordingen kjenner til, vil vertskommunen Eid, Hornindal og Vågsøy vere med frå dag ein. Selje har gjeve signal om at dei vurderer medlemskap, medan Gloppen seier bastant nei til deltaking i Nordfjord legevakt.

Legevaktsentralen vert plassert same lokalet som sist, men med betre skjerming av ventesone og behandlingsrom. Avtalen med Helse Førde betyr også at ambulansetilsette går inn som hjelpepersonale. Lege Anne Stubdal leiar arbeidet med å få på plass system og prosedyrar
."

• Les saka i Fjordingen på nett ved å klikke på overskrifta her

Klage på Lærdal sjukehus: Fekk ikkje svar på kreftmistanke

Kvinna i 50-åra har venta forgjeves på prøvesvar etter at legar oppdaga to kular i skjoldbruskkjertelen.
Helsetilsynet rettar skarp kritikk mot Helse Førde for rot og sommel i behandlinga ein kvinneleg pasient.


Legane fann to kular i skjoldbrukskjertelen til kvinna i 50-åra, noko som kan vere eit teikn på kreft. I staden for å få skikkeleg svar på undersøkingane, blei pasienten ein kasteball mellom sjukehusavdelingane.

Oppdaga to kular
I oktober i fjor oppsøkte ho dokter på grunn av pusteproblem. Legane ved Lærdal sjukehus oppdaga to kular i, ein hormonkjertel som ligg på halsen. Sjølv om det er lite truleg at kvinna har kreft, kan det vere vanskeleg utelukke ein slik diagnose før kulane er skikkeleg undersøkte.

Røntgenlegar tok i november og februar celleprøvar av vevet frå kulane. Begge gongene har kvinna måtta purra mange gonger utan å få svar på desse prøvane, som i tillegg viste seg å vere mislukka. Kvinna veit difor ikkje om kulane i skjoldbruskkjertelen er godarta eller vondarta.

Uvissa har gått sterkt inn på henne, fortel pasientombod Ove Mjåtveit.

- Frustrasjon er eit dekkande ord. Ein vert redd, bekymra og sint når ein ikkje får bekrefta eller avkrefta kva det er. No har ho bytta sjukehus og er i ein annan helseregion for å få oppfølgjing der, seier Mjåtveit.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke på overskrifta her

Slik behandling skal ein ikkje utsetjast for, uansett om ein er pasient på eit stort eller lite sjukehus! Det er viktig at pasientar seier i frå når dei, som denne kvinna, opplever å få utilfredsstillande behandling - for då kan sjukehusa bli betre. I følgje NRK har kvinna blitt kasteball mellom ulike sjukehusavdelingar. Fagdirektøren i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk seier til NRK at ein vil prøve å få til eit betre system på sjukehusa i fylket.

To katastrofekeisarsnitt samme veka på fødestova i Lærdal

Utan full beredskap ville eit truleg hatt to tragiske utfall av fødslar ved fødestova i Lærdal midt i april. For med berre to dagars mellomrom måtte personalet ta katastrofekeisarsnitt på kvinner med forventa normale fødslar. I det eine tilfellet var det navlestrengsframfall, og i det andre tilfellet var det begynnande morkakeløysing. I begge tilfella gjekk det heldigvis bra bra med mor og born.

Vedtaket om omlegging av fødeavdelinga i Lærdal til fødestove vart gjort i 2003. Då jordmødre, gynekologar, politikarar, aksjonistar og befolkninga ellers kjempa mot nedlegging av fødeavdelinga argumenterte me m.a. med at akkurat slike situasjonar kan oppstå. Men vart møtt med at dette skjedde så sjeldan at det ikkje var relevant. Dåverande helseminister Dagfinn Høybråten overprøvde det nasjonale rådet for fødselsomsorg, som ville ha ei rein fødestove utan gynekologforsterking. Og noverande helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad har sytt for at beredskapen ikkje har blitt fjerna seinare, sjølv om kostnaden har vore diskutert i budsjettsamanheng i Helse Førde fleire gonger.

No kan me alle vere glade for at ikkje Nasjonalt Råd for fødselsomsorg fekk viljen sin!

Full beredskap redda liv på fødestova: Dramatisk start for vesle Kasper

SOGN AVIS - ÅRDAL - JOURNALIST HANNE STEDJE:

Takka vera lynrask reaksjon frå personalet ved Lærdal sjukehus, berga Kasper livet med katastrofe-keisarsnitt.

I løpet av sekund gjekk fødselen frå å vera ganske vanleg og rutinemessig til å bli eit sjeldant og alvorleg tilfelle der det stod om liv. Kasper vart forløyst ved såkalla katastrofesnitt berre tolv minuttar etter at mamma Monica kom til sjukehuset.

Stod om livet
I halv åttetida om morgonen gjekk vatnet, og Monica Øvstetun (23) frå Øvre Årdal gav seg i veg til Lærdal sjukehus saman med sambuar Kjartan Smedegård (29), små to dagar på overtid. På fødestova rakk ikkje jordmor Satu M. Henell ein gong å undersøkja den blivande mora, før utviklinga tok ei drastisk vending.

– Eg skulle ein tur på toalettet, då eg merka at det skjedde eitt eller anna. Eg visste ikkje heilt kva det var, og gjekk for å spørja jordmora, som sin tur reagerte kontant, fortel Monica, som vart lagt på operasjonsbordet i hui og hast og merka lite til dramatikken, medan staben på Lærdal kjempa ein tøff men effektiv kamp mot klokka.

Jordmor Satu, derimot, visste med det same kva som var i ferd med å skje då Monica med eitt stod der med navlestrengen i handa. Ho visste også at det stod om livet.

Griseflaks og englevakt
– Navlestrengsframfall er ein særs sjeldan, men særs alvorleg komplikasjon som kan oppstå under ein fødsel. Me er sjølvsagt utdanna i å handtera slike situasjonar, men det er altså så uvanleg at du eigentleg ikkje tenkjer over at det kan skje, seier ho, som ikkje nølte eitt sekund med å tilkalla alt tilgjengeleg personell for å hjelpa til med katastrofe-keisarsnittet som måtte til for å få babyen ut. I ettertid ser både mamma Monica og pappa Kjartan at dei hadde både griseflaks og englevakt.

– Eg tør ikkje tenkja på kva som hadde skjedd om me ikkje alt hadde vore på Lærdal – og at det var innanfor såkalla ordinær opningstid med gynekolog, anestesilege og operasjonspersonale til stades. Hadde dette skjedd om natta, ville me nok ikkje ha hatt han hjå oss i dag, seier Kjartan på telefon frå Verket, og vedgår at det var ei nokså sjokkarta oppleving.

– Eg har ikkje vore med på dette før og visste ikkje heilt kva eg skulle tenkja og tru. Eigentleg var det lite tenking etter at eg høyrde jordmorda byrja å ropa om legar og operasjonssal. Eg var med og trilla Monica inn, men etter det vart eg sendt ut att. Ei av jordmødrene snakka litt med meg om kva som skjedde, men det tok jo berre nokre få minuttar, alt saman, så eg rakk nok ikkje heilt å skjønna alvoret i det før etterpå, seier han.

Raskt og effektivt
Det gjorde derimot overlege og vakthavande gynekolog Christer Borgfeldt, som i løpet av sitt 15 år lange virke som lege berre har sett eitt einskild liknande tilfelle.

– Det er som sagt uhyre sjeldan, og er dessutan noko som godt kan oppstå i samband med tvillingfødslar når tvilling nummer to skal ut, men då er me jo førebudde og kan setja i verk naudsynte tiltak. I dette tilfellet var det annleis, og det er eine og åleine fordi det var både gynekolog, anestesilege og eit heilt operasjonslag var tilgjengelege på dette tidspunktet. Om det hadde gått ti minuttar til, er eg redd utfallet hadde vorte eit heilt anna, seier han, og legg til at det var hektisk inne på operasjonsstova med ni personar i arbeid.

– Legar, jordmødrer, sjukepleiarar og hjelpepleiarar jobba side om side i eit prikkfritt samarbeid. Fagleg sett var det fantastisk å sjå kor effektivt, dette er ein skikkeleg lagsiger og det er ingen tvil om at det redda livet til Kasper, seier han, som legg til at den nyfødde årdølen nok var litt prega av oppstyret då han endeleg såg dagens lys.

God innstilling
– Me kjende heile tida på pulseringa på navlestrengen at han fekk nok blod og oksygen, men det vart svakare og svakare. Då han kom ut, hadde han puls, men pusta ikkje, så han fekk raskt tilført oksygen. Etter berre eit par minuttar henta han seg veldig godt inn att og har sidan vore i veldig bra form, seier doktor Borgfeldt. Med sin godt over 3.600 gram og 52 centimeter må Kasper nok seiast å vera ein liten kraftkar. Det at han alt på eit så tidleg tidspunkt har synt både godt tempo og god fighter-innstilling, meiner pappa er ein stor fordel.

– Eg vil tru det kjem godt med, ja – faktisk kan eg garantera at me vil få sjå det att på midtbana om nokre år, seier den tidlegare ÅFK-kapteinen. Monica er på si side letta over at det er overstått.

Offer for innsparingar
– Det var så supereffektivt alt saman, det gjekk så fort at det først er etterpå du byrjar å tenkja på kva som kunne ha skjedd. Det prøver eg verkeleg å lata vera med, og heller fokusera på at me har han her hjå oss i staden. Men det er klart, det er skremmande å tenkja på at han kunne ha blitt offer for innsparingar i helseføretaka. Eg høyrer dei seier at dette ikkje skjer så ofte, neivel – men det skjedde med oss. Dette viser vel meir enn noko som helst anna kor viktig det er at me har eit trygt og forsvarleg fødetilbod med akuttberedskap i nærleiken, slår ho fast.

• Henta frå Sogn Avis si nettutgåve, klikk på overskrifta for å lese saka der og sjå bilete av mor og barn

onsdag 23. april 2008

GLADMELDING! Sylvia om føde: Kvalitet er ikke bare tall

Stortinget diskuterte fødetilbud i går, i forbindelse med en interpellasjon fra Sonja Sjøli (H).

Det ble da klart at strategiarbeidet med en helhetlig plan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg vil munne ut i en egen stortingsmelding. Det ble også klart at helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad fastholder at brukerperspektivet skal veie tungt. Og ennå viktigere: At tall ikke er ensbetydende med kvalitet.

Fra det foreløpige referatet henter vi følgende sitat fra Brustad, på Stortingets talerstol:
"Regjeringa planlegger å legge fram denne stortingsmeldinga inneværende år. Jeg vil her gi Stortinget tilbakemelding om situasjonen sju år etter vedtaket om nivåinndeling av fødeinstitusjoner. Jeg ønsker videre å legge fram forslag om hvordan helsemyndighetene best kan sikre kvaliteten i fødeinstitusjonene. Det landsomfattende tilsynet med fødeinstitusjoner i 2004 viste ingen klar sammenheng mellom størrelsen på fødeinstitusjonen og antallet avvik og merknader. Det vør derfor vurderes, slik Regjeringa ser det, om det kan utarbeides bedre mål på kvalitet enn de angitte grensene for antallet fødsler."
(Vår utheving.)

- Det er godt å kunne formidle en gladmelding som dette! Og dette lover godt for kampen for å gjenopprette fødeavdelinga i Lærdal!

• Klikk på overskriften her for å komme til det foreløpige referatet og lese hva Sylvia Brustad, Sonja Irene Sjøli, Gunvald Ludvigsen, Rune Skjælaaen, Laila Dåvøy, Harald T. Nesvik, Sonja Mandt-Bartholsen, Linda C. Hofstad Helleland og Bent Høie sa i debatten 22. april.

Og når det midlertidige referatet erstattes med et korrekturlest, finner du det mellom andre Stortingsreferater her:
http://www.stortinget.no/stid/2007/index.shtm

mandag 21. april 2008

Følger du med på lokalsjukehus-bloggen?

Takk for at du titter innom her! Håper du finner noe av interesse.
På bloggen til Folkebevegelsen for lokalsykehusene er det mange saker som også belyser den lokale sjukehuskampen, så kikk gjerne innom der og!

• Les den nasjonale bloggen ved å klikke på overskriften her

søndag 20. april 2008

Helse Førde-styret: Møte på Lærdal sjukehus 30. april

Neste Helse Førde-styremøte er i Lærdal onsdag 30. april
Styremøtet er åpent for presse og publikum. Sakspapir blir lagt ut omtrent en uke før møtet.

• Klikk på overskriften her for mer informasjon på Helse Førdes nettsider

onsdag 16. april 2008

VARSLER MASSAKRE: SYLVIA BRUSTAD VARSLER EN DRAMATISK OMLEGGING AV SYKEHUSSTRUKTUREN

Sylvia Brustad varsler en dramatisk omlegging av sykehusstrukturen. Mange lokalsykehus vil miste akuttbehandlingen. – For å få kvalitet i tjenestene må det tas noen nye grep, sa Sylvia Brustad (Ap) til Arbeiderpartiets ordførerkonferanse i Oslo tirsdag.

Helseministeren tok til orde for en bedre arbeidsdeling mellom sykehusene. Brustad vil sentralisere kreftkirurgi, slagbehandling, hjerteinfarkt og akuttbehandling til færre sykehus.

Endringene skal komme allerede i år.

UFORSVARLIG
– Situasjonen er på grensen av det uforsvarlige ved halvparten av våre akuttmottak. Her kommer det endringer, sa hun og viste til at over 60 prosent av alle døgnopphold er akutte. – Ved akuttmottakene møter man ofte de ferskeste legene, ikke de med mest erfaring, sa hun.

Helseministeren la vekt på at det er vanskelig å rekruttere dyktige fagfolk, samtidig som pasientgrunnlaget mange steder er for svakt, noe som igjen gir helsepersonellet for lite trening.

LOKALE FUNKSJONER
På den annen side vil Brustad desentralisere andre oppgaver til lokalsykehusene. Det gjelder behandling av syke eldre, kronikere, rehabilitering og ambulante tjenester. Hun nevner også døgntilbud i indremedisin som aktuell opphave for lokalsykehusene.

Hun lover ikke noe voldsomt løft i bevilgningene og trekker fram at det i år skal brukes 86 milliarder kroner ved sykehusene. – Vi må ha evne til å gi gode helsetjenester for de pengene, sa hun.

GIR RESULTATER
Helseministeren viste til en vellykket sentralisering av behandling for kreft i eggstokker og bryst, som har gitt resultat i form av at flere overlever. Hun pekte på at det i dag foretas operasjon av tykktarmskreft ved 50 sykehus. Noen sykehus har bare fem slike operasjoner i året. – Dette må vi ha slutt på, sa Brustad. Hun tok også til orde for spesialisering og samarbeid i Norden, og endog i Nord-Europa når det gjelder helt spesielle tilfeller.

Hun tror mange pasienter er villig til å kjøre litt lenger dersom de vet at de får bedre hjelp. På den annen side bør dialyse av nyrepasienter foretas ved lokalsykehusene.

Brustad gjør det også klart at det må bli en diskusjon om hvor mange ambulanser og redningshelikoptre vi må ha. (ANB)

• Les hele saken i Namdalsavisa på nett ved å klikke på overskriften her

Mye ulogisk i Sylvias begrunnelse!

Umiddelbare kommentarer til utspillet fra helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad:

AKUTTMOTTAK
Jeg kan ikke se at Helsetilsynsrapportene på noen måte konkluderer med at det er dårligere kvalitet på akuttmottakene ved de små sykehusene. Det virker derfor ulogisk at en skal sentralisere akuttbehandling med henvisning til denne!

Å legge ned akuttmottak på grunn av dårlig kvalitet er som å helle barnet ut med badevannet. Myndighetene bør sette i verk for å sikre og bedre kvaliteten på mottakene - ikke fjerne dem!

Ved mange sykdommer og skader er tidsfaktoren kritisk. Sentralisering av akuttmottak vil få konsekvenser for pasientene som ikke rekker frem i tide. Norge er et langstrakt land og pasienttransport en utfordrende øvelse i store deler av året, under varierende vær- og føreforhold.

SENTRALISERING
Sentralisering av behandling kommer lett i strid med LEON-prinsippet: Det beste for alle er at pasienten behandles på Lavest Effektive OmsorgsNivå. Lokalsykehus kan gi fullgod behandling for ca 70% av våre sykdommer og skader. Behandling av vanlige lidelser ved innleggelse i spesialiserte sykehus og på spesialiserte enheter er et dårligere og dyrere tilbud.

Det er dokumentert sammenheng mellom svært spesialisert behandling og treningsvolum, ja. Men faktisk ikke for mer trivielle inngrep! Det er ingen som krever avansert brystkreftkirurgi "på hvert nes", men vi må kunne få hjelp for vanlige skader og sykdommer i rimelig nærhet, også når det haster! Hva hjelper det å komme til Det Store Sykehuset hvis vi dør på veien? ("Herre, ta meg heim. Men ikkje om Førde." Sitat fra Indre Sogn.)

Hvor er det blitt av Erikstein-rapportens konklusjoner? Ville det blitt for dyrt å satse på utvalgets anbefalinger? Har Norge ikke råd til forbedring og kvalitetsheving av sykehusene innenfor eksisterende struktur? Har vi ikke sett nok tilfeller av pasienter på høyspesialiserte sykehus, pasienter som faller mellom to stoler og blir feilbehandlet fordi breddekompetansen mangler? Skal en virkelig fortsette å gå i den gammeldagse sentraliseringstakten? Hvordan kan noen fortsatt tro at størrelse = kvalitet? Det er da ingen automatisk sammenheng her!

Bente Øien Hauge, leder aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus

Kirurgane går for sentralisering av akuttberedskap og ny sjukehusstruktur

Styret i Norsk Kirurgisk Forening går inn for ei endring i sjukehusstrukturen i Noreg. Hovudinnhaldet i forslaget er å samle akutt kirurgi til færre stadar.

Bakgrunnen til Norsk Kirurgisk Foreining er eit forslag i Omstillingsprogrammet i Helse Sør-Øst. Styret ønskjer at desse prinsippa vert gjort gjeldande for resten av landet.

- Dette betyr ei stor endring i høve til dagens situasjon for mottak av akuttpasientar innanfor kirurgi i Helse Sør-Øst dersom det vert vedteke. Det er truleg at eit slikt vedtak i neste omgang får konsekvensar for sjukehusa i dei andre helseføretaka, seier Fagdirektør Hans-Johan Breidablik i Helse Førde.

Styret i Norsk Kirurgisk Forening føreslår ein struktur med basissjukehus, områdesjukehus og regionsjukehus der basissjukehusa ikkje skal ha kirurgisk beredskap.

• Les heile saka på Helse Førde sine nettsider ved å klikke på overskrifta her

mandag 14. april 2008

Aukande fødselstal i Årdal og Lærdal

Porten meldar om fleire gravide og fødande i Årdal og Lærdal. Så me treng visst halda trykk på å få gjenoppretta fødeavdelinga!

• Klikk på overskrifta her for å lese saka på porten.no

Fornuft og følelser i fødselsomsorgen

Alle som er interessert i diskusjonen om fødselsomsorgen (fødeavdeling kontra fødestue, Nasjonalt Råd for fødselsomsorg osv.), bør ha lest denne kronikken som stod i Legetidsskriftet høsten 2005. Den er forfattet av legene D. Moster, R. Lie og T. Markestad som peker på at den påståtte tryggheten ved selekterte fødsler på fødeenheter med lav beredskap faktisk ikke er vitenskapelig dokumentert.

• Klikk på overskriften her for å lese kronikken i nettutgaven av Tidsskrift for Den norske legeforening nr. 20/20. oktober 2005.

søndag 13. april 2008

Det er jo ganske paradoksalt

Helse Vests styreleder Oddvard Nilsen stilte på høring om sykehusøkonomi i Stortinget 1. april og sa at Helse Vest ikke trenger mer penger, men kostnadskontroll ... Nei, det var ikke aprilsnarr men helt alvorlig ment!

Samtidig er underforetakene pålagt store kutt for å få budsjettet i balanse. Helse Førde 100 mill., Helse Fonna 82 mill., Helse Bergen noe i samme retning. Det virker jo nesten som morforetaket er blitt de lokale helseforetakenes verste fiende?

Dermed blir det også ganske paradoksalt å se at Sogn og Fjordane Arbeidarparti ble kritisert for at de ikke innrettet helseuttalen sin i forhold til Helse Førdes innsparingskrav på 100 millioner. Forventer man at et sosialdemokratisk parti vil gå inn for nedbygging av spesialisthelsetjenesten - fordi den er underfinansiert? Paradoksene tårner seg opp i mitt hode, i alle fall!

Neste Helse Førde-styremøte er i Lærdal onsdag 30. april

Styremøtet er åpent for presse og publikum. Sakspapir blir lagt ut omtrent en uke før møtet.

• Klikk på overskriften her for mer informasjon på Helse Førdes nettsider

onsdag 9. april 2008

Ordførar i Vik: - Forslaget om å få tilbake fødeavdeling i Lærdal er rein populisme

- Forslaget om å få tilbake fødeavdeling i Lærdal er rein populisme. Det sa ordførar i Vik, Marta Finden Halset på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Ap i helga.

Finden Halset har jobba i mange år ved Lærdal sjukehus, og seier pasientar med til dømes kols, hjartesjukdom, diabetes og kronikarar er grupper som treng opprioriterast. - Det sit langt inne hos meg å seie at det skal gå på bekostning av fødetilbodet, for eg innser sjølvsagt at fødetenesta må vi ha. Men indre Sogn har store pasientgrupper i industrisamfunnet Årdal som har betalt med helsa si. Avstandane til Førde kan verte lange for til dømes ein hjartepasient.

Finden Halset provoserte ordførar i Lærdal, Arne Sanden. - Eg blir fly forbanna når eg høyrer slikt. Folk i Lærdal, Årdal, Luster og ikkje minst i Nordfjord er opptekne av fødetilbodet for kvinnene i regionen vår. Han avviste kategorisk at kamp for fødeavdeling er populisme.

• Henta frå NRK Sogn og Fjordane sine nettsider, klikk på overskrifta for å sjå saka der

lørdag 5. april 2008

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha fødeavdelingar og akuttberedskap på lokalsjukehusa

Fødselstal skal ikkje vera avgjerande for ei fullverdig fødeavdeling ved lokalsjukehusa. Det vedtok representantskapen i Sogn og Fjordane Ap på møtet Førde i ettermiddag. Mot fem røyster vart representantane samde om eit felles manifest for fylkespartiet sin helse- og sjukehuspolitikk, som mellom anna sler fast at lokalsjukehusa skal ha fødeavdelingar med gynekolog i døgnberedskap og akuttberedskap i indremedisin.

– Vårt fokus skal ikkje vera på intern usemje, kampen må gå oppover i partiet og til regjering og Storting, var konklusjonen.

• Henta frå Sogn Avis, klikk på overskrifta her for å sjå saka der

torsdag 3. april 2008

SE OG HØR Brustad og RHF-ene i høringen om helseforetaksøkonomi

OPPDATERT OG LENKET TIL ARKIV MED OPPTAK AV HØRINGEN!
Helse- og omsorgskomiteen gjennomførte den første av tre høringsdager, og her er programmet:
Åpen høring i Stortingets helse- og omsorgskomité tirsdag 1. april 2008

Helse- og omsorgskomiteen har besluttet å holde åpen høring i følgende sak:
Helse- og omsorgsministerens redegjørelse om den økonomiske situasjonen ved landets helseforetak (RED 8 (2007-2008)).

16.15 - 17.45 Statsråd Sylvia Brustad
Styreleder i Helse Nord RHF Bjørn Kaldhol
Styreleder i Helse Midt-Norge RHF Kolbjørn Almlid
Styreleder i Helse Vest RHF Oddvard Nilsen
Styreleder i Helse Sør-Øst RHF Hanne Harlem

Høringen foregikk i Stortingets komitéhus i Akersgt. 18 - rom K-210.

• OPPDATERT/NYLENKET 3. APRIL: Klikk på overskriften for å komme til arkivopptak av hele høringen. VÆR TÅLMODIG - DET TAR TID FØR SELVE STARTER. DET GRØNNE "PRØVEBILDET" MED PERIODEVISE TESTTONER VARER NESTEN 5 MINUTTER.

Årdal og Lærdal Ap vil ha fødeavdelinga på plass att

Lærdal Arbeiderparti vil ha tilbake fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus. Og får støtte for dette synet hjå Årdal Ap.
-Sjukehuset i Lærdal er like mykje vårt, så dette framlegget støttar me. Eit velfungerande og godt fødetilbod i Indre Sogn er heilt nødvendig. Samstundes er det veldig viktig at fylkespartiet grip tak i og diskuterer totalinnhaldet i lokalsjukehus og kva funksjonar desse skal ha, seier leiar i Årdal Ap - Hilmar Høl.
Medlemsmøte i Lærdal Ap og representantskapen i Årdal Ap har denne veka behandla fylkespartiet si innstilling til helse- og sjukehuspolitikk. Representantskapen i fylkespartiet gjer endeleg vedtak fyrstkomande laurdag.

KJEMPAR FOR FØDEAVDELING
Lærdal Ap kjem her med framlegg at det skal vere eit godt og forsvarleg fødetilbod i alle deler av Helse Førde. Det betyr også at lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn skal ha fødeavdeling med gynekolog i døgnberedskap. På medlemsmøte vart det stillt spørsmål om ikkje kampen for å få tilbake fødeavdelinga var tapt, men Iren Lysne meinte dette var noko ein verkeleg måtte kjempe for å få på plass att.

-Skal me ha eit framtidig fødetilbod i Lærdal må me gå inn for å få tilbake fødeavdelinga. For held ein fram ordninga som i dag trur eg fødetilbodet vert lagt ned av seg sjølv, sa Lysne. Innstillinga frå fylkespartiet peikar og på kor viktig det er å jobbe kontinuerleg med rekruttering, Lærdal Ap meiner ein må skape ro i helseføretaket for å få dette til - stadig omorganisering, uvisse og innbyrdes krangel er dårlege signal å gje til potensielle arbeidssøkjarar til stillingar i Helse Førde.

• Les heile saka på Porten ved å klikke på overskrifta her

FORSVAR LÆRDAL SJUKEHUS SET STOR PRIS PÅ DETTE INITIATIVET FRÅ AP-LAGA I INDRE SOGN OG VONAR PÅ EIT TILSVARANDE POSITIVT VEDTAK I REPRESENTANTSKAPEN I FYLKESPARTIET FYRSTKOMANDE LAURDAG.

EIT FLEIRTAL FOR Å SIKRE FULLVERDIGE FØDEAVDELINGAR I ALLE TRE REGIONAR VIL KUNNE BIDRA TIL TRYGGHEIT FOR LOKALSJUKEHUSA SI FRAMTID OG VIL VERE EIN NØKKEL TIL BETRE SAMARBEID OM EIT GODT SJUKEHUSTILBOD I HEILE FYLKET.

Sogn Avis: "Mot helsekrig i rosenes leir"

I forkant av Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane sitt representantskapsmøte, kommenterer Sogn Avis på leiarplass utspelet frå Førde Ap om nedlegging av fødeavdelinga i Nordfjord.

Avisa er samd med sjukehusaksjonen om at det ville vera både oppsiktsvekkjande og svært uklokt av Helse Førde å tenkja på endringar i fødetilbodet før den nye nasjonale fødeplanen ligg på bordet og skriv vidare:
"– Det er i alle fall inga meining i om Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane forskotterer arbeidet i departementet slik Eide Kirketeig legg opp til.

Men det beste av alt ville vera om politikarane i dette fylkespartiet mana seg opp og gjorde ein innsats for helsetilbodet som faktisk kan bety noko. Sjølvsagt burde det koma eit unisont krav om at skeivfordelinga av helsemidlane som råkar oss på Vestlandet urimeleg hardt, blir retta opp snarast og det med tilbakevendande kraft."

• Les heile leiaren i Sogn Avis ved å klikke på overskrifta her

tirsdag 1. april 2008

Skjevfordeling (Magnussen-utvalget): Høringsfrist 11. april

Minner om at det nærmer seg fristen for å uttale seg om Magnussen-utvalgets forslag til oppretting av skjevfordelingen mellom de regionale helseforetakene. Fristen er 11. april.

Magnussen- utvalget ble oppnevnt i statsråd i desember 2006, og har vært ledet av professor Jon Magnussen. Bakgrunnen for oppnevningen av utvalget er at de regionale helseforetak har blitt tilført nye store oppgaver siden forrige gjennomgang. Det ble også varslet i St.meld. nr. 5 (2003-2004) at vektleggingen mellom tidligere inntektsfordeling og kostnadsnøkler ville bli vurdert på nytt.

UTVALGETS FORSLAG ER FØLGENDE:
Utvalgets forslag innebærer en omfordeling av 781 mill. kroner av en samlet bevilgning på om lag 83 mrd. kroner. Omfordelingen innebærer en reduksjon i bevilgningen på 781 mill kroner for Helse Sør-Øst RHF, en økning på 246 mill. kroner for Helse Vest RHF, en økning på 324 mill. kroner for Helse Midt-Norge RHF og en økning på 211 mill. kroner for Helse Nord RHF. Utvalget er samlet i alle sine forslag.

Utgangspunktet for inntektsfordelingen er regionale helseforetaks ”sørge for”-ansvar. Utvalgets forslag til inntektsfordeling skal sikre at de fire regionale helseforetakene er i stand til å tilby innbyggerne likeverdig tilgang til spesialisthelsetjenester. Dagens kostnadsnøkler, jf. NOU 2003:1, fanger opp forhold ved befolkningen som reelt påvirker behovet for spesialisthelsetjenester samt variasjoner i kostnader forbundet med å gi et likeverdig tjenestetilbud i hele landet. Utvalgets vurdering er at inntektsfordelingssystemet fortsatt skal ta hensyn til forskjeller i befolkningens behov for tjenester samt forskjeller i kostnadene ved å framskaffe disse tjenestene. Utvalgets forslag innebærer at det legges større vekt på helse- og sosiale kriterier i inntektsfordelingen enn hva tilfellet er i dagens system.

• Klikk på overskriften for å komme til saken på regjeringens sider

Helse Førde: Ingen planer om endringer i fødetilbudene

Helse Førde kjem til å avvente den nasjonale strategien for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga før eventuelle endringar i tenestetilbodet vert vurderte.

- Med jamne mellomrom ser vi at fødetilbodet i Sogn og Fjordane vert eit tema i ulike mediediskusjonar. Det kan difor vere på sin plass å påpeike at føretaket ikkje har planar om å gjere endringar innanfor dette tilbodet. Helse- og omsorgsdepartementet har varsla ein nasjonal strategi og den blir også førande for fødetenestene her i fylket, seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

• Les hele saken på Helse Førdes nettsider ved å klikke på overskriften her

Opprop for en ny sykehuspolitikk!

Fagforbundet Oppland har tatt initiativ til et opprop for en ny sykehuspolitikk. Med dette oppfordrer Folkebevegelsen for lokalsykehusene også andre organisasjoner og enkeltpersoner til å støtte dette oppropet.

KLIKK PÅ OVERSKRIFTEN HER FOR Å KOMME TIL NETTSIDEN DER DU KAN STØTTE OPPROPET, SOM ER I TRÅD MED FOLKEBEVEGELSEN FOR LOKALSYKEHUSENES SYNSPUNKT OG ARGUMENTASJON GJENNOM DE SISTE ÅRENE.

Til: Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

I kjølvannet av sykehusreformen fra 2002 har vi sett utredninger og forslag om sentralisering og nedbygging av fødetilbud og kirurgisk akuttberedskap ved en rekke lokalsykehus. Dette har utløst sterke folkelige protester og sykehusaksjoner har dukket opp over hele landet. Også sykehusene i de store byene merker nå nedskjæringspresset.

Vi opplever at sykehusene er overtatt av byråkrater, økonomer og folk fra privat næringsliv som har tatt i bruk et bedriftsøkonomisk tankegang som er fremmed for folk. Pasienter har blitt kunder, behandling kalles produksjon og ventelister kalles ordrereserver. I tillegg har vi fått et voksende helsebyråkrati med høye lønninger til direktørene på toppen.
Vi mener at den bedriftsøkonomiske tankegangen ikke passer i helsetjenesten. Det har vært og er stor enighet i befolkningen om at sykehus ikke skal drives som en butikk og at en pasient aldri skal betraktes som en vare.
Helsepersonell er ikke produsenter, men fagpersoner som yter velferdstjenester.

Dersom sykehus-Norge hadde fortsatt med det tidligere offentlige regnskapssystemet så ville de minst ha gått i balanse eller til og med netto overskudd i perioden 2002 - 2006 . Dagens regnskaper viser 18 milliarder kroner i underskudd. Samtidig har sykehusenes andel av bruttonasjonalprodukt vært synkende siden 2003. Sammenlignet med andre land viser OECDs statistikk at Norge ikke bruker mer penger på helsetjenesten enn det man forventer av et land med vårt inntektsnivå.
Disse fakta sier mye om hvilke unødvendige nedskjæringer sykehusene har vært gjennom de siste årene.

Organisering av sykehusene etter modell av private aksjeselskaper slik vi ser med foretaksmodellen er ingen god løsning. Om det er stat eller fylkeskommune som er sykehuseier er mindre viktig, det viktigste nå er:

Vi krever at det tas tilbake politisk kontroll og direkte folkevalgt styring med utviklingen av spesialisthelsetjenesten. Stopp markedstilpasningene og privatiseringen av tjenestetilbudet.

Folkebevegelsen på høring i helse- og omsorgskomiteen mandag 7. april

Folkebevegelsen for lokalsykehusene får stille på Helse- og omsorgskomiteens høring om temaet:
"Helse- og omsorgsministerens redegjørelse om den økonomiske situasjonen ved landets helseforetak"
mandag 7. april kl. 16.30–16.45 i Akersgata 18, rom 210.

For Folkebevegelsen stiller følgende representanter:
Regionskontaktene Elsie Ørstavik, Svein Sandberg og Turid Opedal
Koordinator Bente Øien Hauge

Dette er en høring som er åpen for publikum og presse og som blir overført på Stortingets nett-tv.

• Klikk på overskriften for å lese om høringen på Stortingets sider, her blir også programmet lagt ut når det er klart.